Stikkord: Reko
Irene er frå Nordhordland, og er ikkje oppvaksen på gard. Men no er ho ein ivrig ambassadør for kortreist og lokalprodusert mat frå øya Tysnes. For nokre år sida var ho på den årlege musikkfestivalen på øya Tysnes, og her traff ho Anders, som vart mannen i livet hennar.
Saman har dei eit barn, Knut Severin. Garden på Dalland har i dag både geit, sau og ammekyr av rasen Vestlandsk fjordfe.
– Vi har tenkt på gris og. Eg er nemleg vanvittig glad i bacon. Eg er oppteken av heilskapen i dyrehaldet, så vi får sjå om det blir gris og høns etter kvart, smiler Irene.
– Det er fleire fantastiske ting med Reko-ringane. Produkta går direkte frå produsent til forbrukar utan mellomledd. Kundane ser produsenten direkte i augo, og kan spørje om alt dei måtte lure på. Gjennom Facebook og direkte møte får dei kunnskap om og bilete av kor dyra lever, korleis dei lever, om produkta er økologiske eller ikkje, mellom anna. Vi skal vere dønn ærlege, seier Irene.
Grøne kundar
Ho fortel at dyrevelferd og økologi er to ting som Reko-kundane er opptekne av. Dei liker ikkje industriell matproduksjon, og kan vera kritiske til import av soya og høgt forbruk av kraftfôr. Dei bryr seg mykje om klima og miljø, og vil ha kortreist, lokal mat med minst mogleg emballasjebruk.
– Somme trur det skal veldig billig å handle direkte frå bonden. Men vår produksjon og andre småproduksjonar tek meir tid enn tradisjonell produksjon. Me bruker andre dyrerasar, må kanskje fôre dyra lenger. Me har nokre større eggproduksjonar som gjerne er med i ringane, og dei har så stor produksjon at dei ikkje treng så høg pris for egga som dei små produsentane. Dette kan bli eit problem. Det er ikkje bra om det vert dumpingpriser i ringane. Noko av poenget med Reko-ringane er at bonden skal sitja att med meir av overskuddet slik at også dei mindre gardsbruka kan overleve. Reko-ringane skapar og samhald mellom produsentar. Dei er med på å skape eit miljø for å diskutere faglege spørsmål, og dei vert ein sosial møteplass. Men framfor alt skal Reko-ringane gje bonden ein høgare pris for produkta. Grønsaker er til dømes populært og etterspurd, og slik kan og bonden med ein liten jordflekk på ein mindre Vestlandsgard tene pengar som held liv i eit lite bruk, seier Irene Dalland.
Piano i fjøsen
Dei slakter dyra sine på Fatland Ølen, og har bygd opp eit flott produksjonslokale heime på garden der dei kan foredle, vege og merke produkta som skal seljast. Dei lager mellom anna fleire typer grillpølser og ferskt fjordfekjøt i pakningar.
Garden vart kjøpt i 2015 av svigerfaren til Irene. Då dei tok over garden hadde det ikkje vore dyr der på mange år. Irene og Anders har brukt dei første åra på å heve avlingane av gras, samt etablere dyrehaldet dei har i dag. Kanskje har dei i dag det einaste fjøset i verda med piano. Irene er no heime på garden på fulltid, men Anders jobbar utanom i turnusjobb. Det at Anders har hatt arbeid utanom garden har vore heilt nødvendig for å ha kapitalen til å starte opp den nedlagte garden med alle dei store utgiftane som kjem som følgje av det.
Tidkrevjande
– Det er tidkrevjande å ha så mange dyreslag. Me har og jobba mykje med reparasjonar og vedlikehald på garden. Men eg må innrømme at distribusjon, sal og marknadsføring tek vanvittig mykje tid. Reko-ringen er for oss eit godt alternativ, og me er til dømes med på Bondens marknad i Bergen. Eg har óg reist rundt og vore med på Dyrsku’n i Telemark og teke del i Bergen Matfestival. Alt dette tek mykje tid. Bondens Marknad er annankvar laurdag heile året utanom januar og juli. Eg administrerer no fire-fem Reko-ringar, og bruker sjølv tre av dei til våre produkt, Åsane, Fyllingsdalen og Reko Sunnhordland på Stord. Det er også Reko-ringar i Haugesund og på Voss, og i april kjem det ein ny i Kvinnherad, seier Irene Dalland.
Reko-ringenes historie
Reko-ring er en lokal matring eller gruppe av lokale produsenter og forbrukere som handler i en enkel modell. Reko (Rejäl Konsum) betyr opprinnelig «pålitelig forbruk, ren, komfortabel og rettferdig».
Modellen stammer fra Ôsterbotten sommeren 2013. Thomas Snellman ble kjent med den franske Amap-modellen, og videreutviklet konseptet i Finland. Reko-modellen startet 6. juni 2013 i Jakobstad, og nå selger modellen lokale matvarer i alle Finlands provinser. I september 2018 var det mer enn 200 aktive Reko-grupper i Finland med 340 000 medlemmer til sammen, og flere enn 100 grupper i Sverige med 210 000 medlemmer der.
I Norge startet de første Reko-ringene før jul 2017, og i november 2018 var det om lag 40 aktive ringer i Norge med til sammen 100 000 kunder. Norsk Bonde- og Småbrukarlag har spilt en aktiv rolle i utbredelsen av ringene.
Reko fungerer som et matfellesskap for et begrenset geografisk område. Bestilling og markedsføring skjer utelukkende i lukkede Facebook-grupper som alle kan bli med i. Lokale matprodusenter og kjøpere møtes til avtalt tid på avtalt sted, og forbrukeren kjøper maten direkte fra produsenten uten mellomledd. Gruppen møtes vanligvis ukentlig, hver fjortende dag eller en gang i måneden en halv eller en time om gangen, og maten utleveres. Det er ikke salg på nettstedet, men alt salg er avtalt i Facebook-gruppen. Ved utlevering betaler forbrukeren sine produkter direkte til produsenten.
I praksis forteller de lokale matprodusentene om sine produkter og tilbud på Facebook-veggen, og åpner for direkte bestilling der. Forbrukeren kommenterer ønsket kvantum, og godtar å plukke opp produktene til angitt pris på avtalt sted.
Fordeler
Forbrukeren får frisk, billig og ren mat av kjent opprinnelse. De vet hvor og hvordan maten er produsert. Metoden fremmer bærekraftig forbruk, lokal produksjon som tar hensyn til miljøet, og reduserer reklame, unødvendig emballasje og transport.
Handelen mellom produsent og forbruker skjer uten mellomledd, fordi møter og kontakt ansikt til ansikt er en viktig del av aktiviteten. Produsenter kan møte kundene sine, og motta direkte tilbakemelding og utviklingsidéer fra dem. Forbrukerne har også muligheten til å spørre produsenten direkte om produksjonen og produksjonsforholdene.
Kilder: Reko-produsenter i reportasjen/Wikipedia