Publisert: 11.04.2019 Oppdatert: 11.06.2019

Stikkord:

Selheim produserer, slaktar og sel

Gjer heile jobben sjølv

– Me prøver å stykkje kjøtet slik forbrukaren vil ha det. Kraftbein og innmat er i ­vinden. Tradisjonsmat har fått eit nytt oppsving, seier Hilde Lussand Selheim.


Bildet: Lokalproduserte spekeskinker og spekepølser frå Selheims griser, slakta på gardens eige slakteri.

I lag med mannen Lars driv ho aktivt husdyrbruk på Voss. Her er det mjølkekyr, gris og grasfôra ammekyr av Vestlandsk fjordfe. Frå mai til desember går grisane ute på beite og i skogen kring garden. Dei har cirka 40 årspurker som griser to gonger i året. Utegrisane er populære, men noko av produksjonen går også til Nortura.

– Det er kjekt å sjå korleis dei nyt livet sitt ute. Me ynskjer at dyra våre skal unngå ein lang transport til slakteriet, og god dyrevelferd heilt fram til livets slutt er avgjerande for oss og for kundane våre. Det vert kvalitet og smak i kjøtet når stresset blir minst mogleg, sier Hilde.

Slaktar sjølve
For verkeleg å streka under dette satsa dei for nokre år sidan store ressursar på å byggje sitt eige slakteri, Voss Gardsslakteri. Det vart godkjend av Mattilsynet i 2008. Her vert det slakta og foredla storfe, gris og lam. Dyra kjem hovudsakleg fra eigen gard, men lam vert kjøpt frå gardsbruk i nær­området. 

– Hjå oss får du ferskt kjøt, spekemat av utegris og spekekjøt (fenalår) av fjellam frå Voss. Me har heile langtidsmodna spekeskinker og utbeina spekeskinker. Me lagar Selheimskorv, bratwurst med ramsløk, pinnakjøt, bacon, kjakebacon, Selheimsalchichón, lettsalta lammebog og røykekjøt av lam og gris, seier Hilde.

Fleire Reko-ringar
Dei er med i Reko-ringane Åsane, Fyllingsdalen og Voss. Men dei har også utsal på eigen gard. Korleis er erfaringane med direkte sal via Facebook og Reko-ringsystemet på Voss?

– Tilbud og etterspurnad heng saman. Det er lettare å drifte ringer der det er fleire bønder og fleire produkt. Kundane liker å ha litt å velgje på. Denne marknaden er nok for litt spesielt interesserte forbrukare, dei som leiter etter varer dei ikkje finn på Kiwi, og som ynskjer å handla hjå sin lokale produsent. Mange kundar vil ha grønnsaker, frukt og bær, og tilbodet av slike produkt varierer sjølsagt frå region til region. Interessa for kraftbein, innmat og anna tradisjonsmat ser ut til å auke. Vi merker med ein gong hvis det har vore eit avisoppslag eller eit NRK-innslag om Reko-ringane. Då tek salet seg kraftig opp.

Hilde og Lars koser seg i grisebingen inne.

Skaper motvekt
– Kva synast du er hovudfordelen med Reko-ringane?

– Det beste med Reko-ringane er direkte kontakt med kundane og handel utan mellomledd. Meir bærekraftig handel av di det er lite transport. Eit døme; dyra våre er fødde på garden, vert slakta her, og så sel me kjøtet til kundar på Voss og i Bergen. Verken dyr eller produkt har vore på ein trailer. Det er arbeid som gjev meining, og som gjer meg glad! Me er med på å skape ei  skape ei motvekt til kjedane. Me har ikkje stor marknadsmakt, men me gjer ein skilnad, eit godt alternativ.

– Kor mange produsentar er til stades på ein utleveringsdag på Voss?

– Det varierer. Før jul var me nesten ti produsentar. På siste utleveringsdag var me fire. Etterspurnaden er litt sesongbetont. Før jul gjekk det til dømes mykje kålrot som folk skulle ha til julematen. Nokre produsentar har lengre veg til marknadsplassen enn andre, og vil gjerne ha eit visst volum før dei reiser for å levere varer.

– De har utlevering på parkeringsplassen utenfor Coop Extra på Voss. Er det greit for butikken at bønder sel der?

– Vi sel ikkje varer der, men leverer det folk har bestilt og forplikta seg til å kjøpe på  Facebook-sida til ringen. Det er utlevering og betaling som skjer her. I starten var kanskje butikken litt nølande til oss, men nå føler eg at det går greit. Dei som handler hjå oss er ofte også ein tur innom butikken for å handle varer som me ikkje har. Men det krever ein romsleg parkeringsplass, slik at me ikkje stenger og hindrar trafikken til butikken. Me står jo ikkje lenger enn ein halv til ein time her med utlevering, seier ho.

Meirverdi
– Tener de pengar?

– Det er jo difor me gjer dette. Me har auka salet til private samanlikna med det me  selde før ringane starta. Nokre kunder har kommentert at dei trudde prisane skulle vore lågare når salet gjekk direkte fra bonde til forbruker, men poenget for oss er at me skal sitja att med ein meirverdi for sals- og marknadsjobben. Kundane får unike varer, og dei får konkret kunnskap om kor og korleis produkta er laga. Dette gjev også forbrukarane meirverdi. Men det er krevjande å halde på med dette. Jo fleire produsentar som er med i ringen, jo betre er det, seier Hilde Lussand Selheim.