Publisert: 13.05.2018 Oppdatert: 13.08.2018
Nye gjødselforskrifter:

Dale vil ha innspill fra næringa

Hvis det blir aktuelt å følge opp forslagene til nye gjødselforskrifter fra direktoratene, er det naturlig å be aktuelle aktører i næringa om innspill.


Det sa landbruks- matminister Jon Georg Dale i Stortinget i slutten av april. Han fikk følgende spørsmål fra stortingsrepresentant Geir Pollestad (Sp)om hvilken prosess regjeringa legger opp til i den videre håndteringen av endringer i gjødselregelverket. Dales svar var slik;

«Landbruksdirektoratet, Mattilsynet og Miljødirektoratet leverte forslag til nytt gjødselregelverk 15. mars 2018. Forslaget er svar på oppdrag frå Landbruks- og matdepartementet i samråd med Klima- og miljødepartementet. Forslaget inneber mellom anna å dele regelverket i to delar, ein som omhandlar produktkrav til gjødselvarer, og ein som omhandlar lagring og bruk av gjødsel.

Det omtalte framlegget til nytt gjødselregelverk er nyleg utarbeidd. Eg vil no gå gjennom forslaga, og på bakgrunn av den gjennomgangen gjere vurderingar knytt til vidare handtering av dette frå departementet si side. Fleire av problemstillingane som framlegget omtaler vil det være behov for å gjere grundige vurderingar av. Eg kan difor ikkje på noverande tidspunkt gi eit klart svar på kva prosessar som er hensiktsmessige for å avklare desse spørsmåla.

Dersom det vert aktuelt å følgje opp tilrådingane frå direktorata, er det ikkje unaturlig at aktuelle aktørar i næringa får gje sine innspel til arbeidet gjennom ei høyring», sa statsråd Jon Georg Dale.