Publisert: 25.03.2013 Oppdatert: 30.05.2018

Stikkord:

Villsvinet ein stor trussel

Villsvinet kan true norske artar og har potensial til å spreie seg over store delar av Noreg, ifølgje norsk professor.


Villsvinet ein stor trussel

Villsvinet kan true norske artar og har potensial til å spreie seg over store delar av Noreg, ifølgje norsk professor.

Den seinare tida har villsvin som er rekna som ein uønska framand art i Noreg , stadig oftare blitt observert i landet. I byrjinga av februar vart det første villsvinet på 1000 år observert og skote på Aurskog, og nyleg skaut eit jaktlag eit 80 kilo tungt villsvin på Eidsberg, meldar nrk.no. – I forhold til norske stadeigne artar er det grunn til å bekymre seg over villsvinets inntog i Noreg, ifølgje professor Øystein Wiig ved Universitetet i Oslo. Wiig var med i ekspertgruppa for pattedyr i arbeidet med den nyaste “Svartelista”, Artsdatabankens liste over framande artar i Noreg. – Villsvinet kan bringe med seg fleire sjukdommar, blant anna trikinose som kan overførast til norske rovdyr som rev og gaupe, noko som igjen kan påverke deira overleving, seier Wiig.

Spreiing langs kysten?

I den siste Svartelista er villsvinet oppført med svært høg risiko. Risikovurderinga viser til at villsvinet har potensial til å spreie seg til store delar av landet saman med effekten han har på stadeigne artar. – Villsvinet vil kunne spreie seg langs kysten av Austlandet og oppover til Vestlandet, samt til Hedmark, viss det ikkje blir stansa, seier han. Kor langt nord villsvinet kunne gå kjem an på klimaendringar. For fleire tusen år sidan levde det villsvin kanskje så langt nord som i Trøndelag, men dette var i ein varmare klimaperiode. – Spreiinga til større delar av landet vil sannsynlegvis gå sakte under eit regime med fri jakt, trur Wiig.

–Vil ikkje leggje til rette

– Hovudårsaka til at vi ser så mange villsvin i år er den milde vinteren, fortel Erik Lund i Direktoratet for Naturforvalting. Mens det stort sett berre var vaksne som klarte seg gjennom dei to føregåande kalde vintrane, er det fleire av fjorårets villsvinungar som har overlevd denne vinteren, seier Lund. Synet av ville svin i skogane på Austlandet vil sannsynlegvis berre bli meir vanleg, sjølv om det ikkje er grunn til å frykte ein flaum av innvandrarar. – Vi snakkar ikkje om ein invasjon, men om hyppigare besøk, ifølgje Lund. – I Sverige er det ein svært veksande villsvinbestand som er så stor at ein kan skyte mellom 70 000 og 100 000 dyr i året. Då er det ikkje unaturleg at vi oftare får besøk til Noreg også, fortel Lund. Ifølgje Lund har omfattande flytting av dyr og fôring ført til den store auken i villsvinbestanden i nabolandet vårt. Så mykje som halvparten av villsvinets fôr i Sverige kan vere mat som er lagt ut til det. Så venlege ønskjer ikkje Noreg å vere mot skogsgrisane. – Miljøvernmyndigheitene vil ikkje leggje til rette for etablering av villsvin på norsk side, men vi kan likevel ikkje unngå å få det, seier Lund, og minner om at villsvin er nattaktive dyr som er relativt flinke til å halde seg i skjul.

Fakta om villsvin

Villsvinet levde i Noreg i ein varmare klimaperiode, men forsvann frå landet for ca 3-4000 år sidan. I Noreg står villsvinet på svartelista, mens i Sverige er arten rekna som ein innfødd art. På grunn av utbreidd flytting og fôring tel bestanden her om lag 150 000 dyr, melder nrk.no. I Sør-Norge kan ein observere villsvin i grensetraktene mot Sverige, hovedsakelig aust for Glomma opp til Trysil. Stabil forekomst med ynglegrupper finnes sør og aust i Halden og Aremark kommunar i Østfold. Villsvinet er i første rekke knytta til lauvskog og blandinggskog, og klarer seg spesielt godt i kulturmarksområde der det er tilgang på skjul. Villsvin er inntil 185 cm og har ei halelengd på 15–20 cm. Rånene veg mest og kan bli inntil 250 kg, mens purkene er inntil 150 kg, meldar Artsdatabanken.