Publisert: 06.12.2012 Oppdatert: 30.05.2018

Stikkord:

Tankar om distiktslandbruket


Tankar om distiktslandbruket

 

I skrivande stund er vi inne i ein fantastisk godveirsperiode her på nordvestlandet.Og få naturopplevingar kan for meg måle seg med å gå i fjellet no desse klare haust-dagane. Derfor gjere eg alt eg kan for å få tid til litt fjellvandring innimellom kalving, avvenning  og vask i grisehuset. Og her eg bur er vi så heldige at vi kan berre ta på fjellskoa , gå ut døra og gå på ein eller annan fjelltopp, for her er rikeleg å velge i.

I helga hadde eg ein slik tur. Og når ein kjem opp på høgfjellet og ser nedatt i dalen frå fugleperspektiv er det rett og slett vakkert! Ein lang dal med skog, dyrka jordlappar og gardstun innimellom. Men det sler meg og kor smått det ser ut. Det er ikkje akkurat den mest velarronderte dyrka marka vi ser. MEN landbruket er likevel ein av dei viktigaste arbeidsplassane i vår kommune. Og ringverknadane det fører med seg gjer at det blir eit samfunn med ulike arbeisplassar, og ein stad det er godt å bu. For folk VIL bu her! Fleire satsar mange millionar kroner i driftsbygningar  for å skape seg ein arbeidsplass. Gjerne eit kombinasjonsbruk. Ku og gris. Eller gris og sau.

Og slik er det mange stadar i distrikta til tross for stadige negative signal frå myndighetane. Og vi i svinenæringa skal vere glade for at det er slik. At det er optimistiske, pågangsvillige, risikovillige folk som vil satse på gris enten det er i Lofoten, på Møre, i Sogn eller andre ikkje heilt sentrale stadar. Dette må vi ta vare på! For det å ha svineproduksjon spreidd ut over heile landet er viktig både for slakteristruktur og kraftfôrindustri. Volumet kjem med grisen! Og det er dette som gjer den norske svineproduksjonen unik i forhold til andre land. Små og spreidde einingar!

Og det gjer og at det lettare å holde på den unike helsestatusen vi har på grisen vår, som og er eit av våre fortrinn når vi skal eksportere til utlandet.

Det er slått fast at grisen er eit politisk dyr! Og vi må sjå på distriksgris og distriksjordbruk ilag!