Publisert: 01.01.2017 Oppdatert: 30.05.2018

Stikkord:

Svineprodusent vart Årets unge bonde

 Norges Bygdeungdomslag og McDonald’s Norge har kåra svineprodusent Roar Grødeland (28) til “Årets unge bonde”. Jærbonden frå Orre gjekk av med sigeren i konkurranse med 98 unge bønder frå heile landet.


Svineprodusent vart Årets unge bonde

 Norges Bygdeungdomslag og McDonald’s Norge har kåra svineprodusent Roar Grødeland (28) til “Årets unge bonde”. Jærbonden frå Orre gjekk av med sigeren i konkurranse med 98 unge bønder frå heile landet.

Det er første gongen “Årets unge bonde” vert kåra, og meininga er at det skal verte ei årviss hending. “Årets unge bonde” skal vere eit “sunt forbilde med et bredt engasjement for landbruk og det han driver med. Som del av en ny generasjon bønder kombinerer han spennende yrkesvalg med et aktivt familieliv og betydelig samfunnsengasjement. Han har også vist at han takler utfordringer på en forbilledlig måte”, heiter det mellom anne i grunngjevinga frå juryen.

Roar driv garden i lag med kona Anne Karin, og begge jobbar full tid på garden. Her har dei produksjon av både smågris og slaktegris. Før brannen hadde dei ein produksjon på omlag 100 purker, og levering av omlag 1000 slaktegrisar til Nortura.

Dei tok over garden etter foreldra til Anne Karin for fire år sidan, og Roar traff Anne Karin gjennom Norges Bygdeungdomslag. Sjøl er han frå ein gard med sau og mjølkekyr i Gjesdal. Men landbruksutdanning, Norsvinskolekurs og praksis har gjeve prisvinnaren kunnskap om gris også, og det var ein veldreven og utvikla gard dei to ungdommane kunne gå i gang med.

Men dei har fått prøve seg. I august brann grisefjøset ned, og omlag 500 grisar omkom, dei fleste av dei var ikke avvente smågrisar. Etter at store delar av produksjonen vart borte måtet dei ta nye val. Men dei bestemte seg for å rive mesteparten av det som sto att etter brannen, og byggje nytt grisehus som kan gi svineproduksjon i mange år framover. Så det blir nok mange større og mindre val som må takast i tida som kjem også for “Årets unge bonde”.

Dei to andre finalistane var Åge Grenne frå Åsen i Nord-trøndelag, og Elisabeth Holand frå Vestvågøy i Lofoten.