Publisert: 11.08.2015 Oppdatert: 30.05.2018

Stikkord:

Svin og fjørfe dreg veksten

Den samla produksjonen av kjøt i verda vil auke med dryge ein prosent i 2015. Det syner ein ny prognose frå FAO. Produksjonsauke for svin og fjørfe driv veksten i den globale produksjonen.


Svin og fjørfe dreg veksten

Den samla produksjonen av kjøt i verda vil auke med dryge ein prosent i 2015. Det syner ein ny prognose frå FAO. Produksjonsauke for svin og fjørfe driv veksten i den globale produksjonen.

Produksjonen av storfekjøt er ikkje venta å auke noko særleg dette året. FN sin organisasjon for mat og landbruk, FAO, har nyss gitt ut ein ny utgåve av rapporten Food Outlook, med prognosar for verdas produksjon og handel med landbruksprodukt i 2015. Prognosen for kjøt syner at den samla globale produksjonen i år vil ende på om lag 318,7 mill. tonn. Det er ei moderat auke på vel ein prosent frå 2014. Verdshandelen med kjøt ser ut til å auke med i underkant av to prosent i 2015, til noko over 31 millionar tonn. Til samanlikning auka handelen med over tre prosent frå 2013 til 2014.

 

Svin og fjørfe veks mest

Den globale produksjonen av svinekjøt ser ut til å auke med nær to prosent, til 119,4 mill. tonn. I mange land i Asia aukar etterspurnaden etter svinekjøt og bidrar til at produksjonen veks. Andre store produsentar som USA, Brasil, EU og Canada vil òg auke produksjonen i år. Veksten i produksjonen av kylling ser ut til å flate ut, etter å ha vore i gjennomsnitt tre prosent per år det siste tiåret. FAO forventar at den globale produksjonen i år vil auke med i overkant av ein prosent, til 111,8 mill. tonn. Den viktigaste årsaka til denne utviklinga er fugleinfluensa i verdas største produsentland, Kina. Både etterspørselen og produksjonen i landet stagnerer. Andre store produsentar som USA, EU og Brasil ser ut til å auke produksjonen i år. Lågare fôrkostnadar vil truleg medverke til produksjonsveksten for dei kraftfôrbaserte kjøtslaga svin og fjørfe mange stadar.

 

Svak vekst for storfe

Verdas produksjon av dei grovfôrbaserte kjøtslaga storfe og småfe har vakse lite dei seinaste åra. Disse produksjonane krev store areal og har ein lang syklus, samt at bestanden ofte avheng av vêret og beiteforholda dei føregåande åra. Prognosen syner at produksjonen av storfe vil auke marginalt til 67,9 mill. tonn i år. Store produsentar som Brasil og India ser ut til å auke produksjonen. Mangel på plass og fôr gir nedgang andre året på rad i Kina, medan produksjonen i Australia går ned etter stor slakting og reduksjon av bestanden dei to siste åra. I EU veks storfebestanden som følgje av at mjølkekvotesystemet blir avvikla, og produksjonen av storfekjøt i regionen ser ut til å auke.

 

Noreg følgjer trenden

Dei seinaste åra har den norske kjøtproduksjonen vist ei liknande utvikling som den globale. Medan den kraftfôrbaserte fjørfeproduksjonen har auka sterkt, har produksjonen av storfe og småfe stagnert eller gått ned. Den norske svineproduksjonen auka sterkt frå 2005 til 2012. Dei seinaste åra har derimot veksten i salet av svinekjøt stilna, slik at òg produksjonsveksten har falle bort. Det vil likevel vere mogeleg å auke produksjonen av svinekjøt i Noreg i løpet av kort tid når salet tar seg opp att. (Kilde: Landbruksdirektoratet)