Publisert: 15.02.2010 Oppdatert: 30.05.2018

Stikkord:

Styrker garden som arbeidsplass for heile familien

Dei bestilte purkane skal på plass i november, og dei skal innseminerast rundt nyttår. For no aukar produksjonen, og snart vert garden heiltids arbeidsplass for Else Gurine og Torleif. Det er målet.


Styrker garden som arbeidsplass for heile familien

Dei bestilte purkane skal på plass i november, og dei skal innseminerast rundt nyttår. For no aukar produksjonen, og snart vert garden heiltids arbeidsplass for Else Gurine og Torleif. Det er målet.

I april må alt vere klart, for då byrjer grisinga. Det har gått på høggir den siste tida for familien Stople på garden Austrheim i Skjold. Fram til no har dei dreve slaktegrisproduksjon med om lag 400 dyr i innsettet, og samdriftsproduksjon på mjølk/kjøt med 30 båsplassar i lag med ein nabo. Men no tek dei steget heilt ut, og satser på å auke produksjonen på garden slik at det vert arbeid på full tid både til Else Gurine og Torleif. Difor byggjer dei no eit heilt nytt grisehus for kombinert produksjon. Dei legg opp til 80 grisingar vår og haust, altså to gonger i året. Purkane jagast ut etter avvenning, og grisungane går att i FTS-bingane til dei vert send på slakteriet. Planen er å satse på SPF-gris. Ein avlsbestning ikkje så langt unna, i Etne, leverer SPF-dyra.

Gjer det meste sjøl

Dei bygger sjøl, men leide naturleg nok mobilkran og folk i samband med montering av elementar og tunge grunnkonstruksjonar. Dei har ein nabo som kan snekre, og Torleif voner at dei kan greie å bygge nyhuset på eigen kjøl. Det vert eit elementhus i betong med fire like rom a 20 FTS-bingar. Samanlagt er grisehuset om lag 1000 kvadratmeter hvis ein reknar inn fôrrom og tekniske rom. I den eine enden bygger dei samstundes eit stort og romsleg redskapshus på 400 kvadratmeter. Huset er 18 meter bredt. Målet er å prøve å greie heile byggeprosjektet for fem millionar kronar.

Aktivt husdyrmiljø

– Det er veldig godt husdyrmiljø i bygda rundt her. Vindafjord er ein stor husdyrkommune, og det verkar inspirerande. Vi har og to slakteri i nærleiken, noko som tyder mykje for oss. Vi leverer til Fatland, seier Torleif. Samdrifta om kufjoset med naboen er organisert slik at dei tek omsyn og ansvar for drifta 14 dagar kvar seg. Kyrne og halvparten av ungdyra er på Austrheim. Naboen bygde nytt ungdyrfjøs i 2007.