Publisert: 01.01.2017 Oppdatert: 30.05.2018

Stikkord:

Sparer tid og arbeid på satellittgjødsellager

– Dette har vore ei kjempegod investering. No greier vi å tømme gjødselkummen med 500 kubikkmeter på ein dag. Tidlegare brukte eg eit par veker på jobben kvar vår, seier Gaute Halleland.


Sparer tid og arbeid på satellittgjødsellager

– Dette har vore ei kjempegod investering. No greier vi å tømme gjødselkummen med 500 kubikkmeter på ein dag. Tidlegare brukte eg eit par veker på jobben kvar vår, seier Gaute Halleland.

Det er tidleg oktober, og vi er på Ladstein gard på Finnøy i Boknafjorden. Det er ganske bratt frå fjorden og opp til dei øverste sauebeitene på garden.

Difor har det vore litt av ein jobb å kjøre grisemøkk frå garden i vårvinna.

– Det tok mest eit par veker kvar vår. Det er ein bratt og dårleg veg opp frå garden og opp til beitene. Eg brukte mest ein klokketime på å kjøyre og spre vogna med tre kubikkmeter. Det tok si tid, og sleit hardt på redskapen og meg sjølv. I praksis held eg på med møkkspreiinga mest i fjorten dagar om våren. No greier eg jobben på fem-seks timar eller ein arbeidsdag, seier han.

Satellittkum

Det er om lag 60 høgdemeter frå gardstunet og opp til sauebeitene. Der oppe har han nå bygd ein gjødselkum på 500 kubikkmeter som han kjøpte frå Agromiljø. Nede på garden er det eit gjødsellager på 200 kubikkmeter. Gjødsla pumpes nå dei 60 høgdemetrane opp til kummen. Og dette er ein jobb som kan gjerast vinterstid når det ikkje er så travelt ellers.

– Det er ein rund stålkum som er fundamentert på sand og singel. Det er stålplater rundt kummen, og duk oppi. I bunnen er det ei tappeluke slik at eg kan fylle gjødselvogna sjøl. Men i praksis leigar eg folk med slangeutstyr til å ta seg av spreiinga. Da er jobben gjort på fem-seks timar. Det vert også mindre kjøyreskader når ein bruker slangespredning i staden for  gjødselvogn, seier Gaute Halleland.

Det er tidleg vår på Finnøy, og i mars vert satellittkummen tømt.

Travel veke

Det har vore ei ekstra travel veke for Gaute. Han hadde 28 sugger som griste denne veka, og i tillegg skulle kvar einaste saueskrott på heile øya snus opp ned for å sjekke fotråte. I tillegg til å vere svineprodusent er Halleland også saueprodusent og leiar for det lokale sauealslaget på øya. Da sjukdomsalarmen gjekk på øyane i Boknafjorden i månadsskiftet september-oktober vart det mykje å gjere på kort tid.

– Akkurat som på naboøya Rennesøy fann me dessverre smitte av fotråte på sauane her på Finnøy og. Men klauvane såg ganske friske ut, så eg trur ikkje dyra har lidd mykje, seier Gaute.

Han er også mjølkeprodusent, men har gått inn i samdrift med ein nabo slik at han jobber 30 prosent i kufjøset. Dermed får naboen også litt avløysing. Gaute mjølker ei veke i månaden.

– Eg vil konsentrere meg om grisen og sauen, seier Halleland.