Publisert: 14.04.2018 Oppdatert: 14.08.2018

Stikkord:

Se grisen – oppdag unormal åtferd i tide

Griser vil normalt vere interesserte i alt nytt, og oppsøkjer folk straks dei kjem inn i bingen. 


av Hilde Elin Østerhus, rådgjevar gris i Nortura 

Overfall og aggresiv åtferd ovanfor menneske er derimot ikkje normalt. Hvis grisene vert jaga opp/vekka, skal dei normalt falle til ro att 10 – 15 min seinare, med mindre det er fôringstid. Gris som brukar lengre tid enn dette, eller har vanskeleg for å roe seg, skal ein vere ekstra merksam på. Generelt høg aktivitet i bingen, og høgt støynivå, er symptom på at noko er galt.

Normalt vil grisen gjere alt samstundes. Hvis enkeltdyr går kvilelause rundt i bingen medan resten kviler, kan det vera teikn på at noko er galt. Dette er lettast å observere i grisens kvilepriodar. Ver obs på døgnrytmen i besetninga, observer grisen i kviletida, då oppdagar du lettare desse ulmande aktivitetane som kan utvikle seg.

Det er unormalt at grisen bit, nippar eller suttar på kvarandre. Det er heller ikkje normalt å puffe andre griser under magen. Frustrerte griser vil slutte å undersøkje inventaret i bingen, og byrje puffe og gnuffe på sambuar­ane sine. Ofte er det den minste grisen i bingen, som viser at noko er galt. Griser vil normalt ikkje slåss når dei et eller drikk. Er det konstant gnyling og skriking ved fôrtroa/fôringsautomaten eller drikkenippelen, er det for lite tilgong til mat og vatn, altså kamp om ressursane.

Korleis ligg grisen?
Gris kan ikkje sveitte, den regulerar temperaturen sin ved å bløyta seg med skit/sorpe/vatn, eller ved å leggje seg på ulikt vis. Griser som klumpar seg eller ligg i haug, frys på grunn av trekk eller kulde.

// Bukleie: grisen prøver å kompensere for låge temperatur i rommet, prøver å halde sin eigen kroppstemperatur ved å liggje på magen.

// Delvis bukleie: grisene har ideell temperatur i rommet. Slik vil du ha det. Hvis dei trekk vekk frå bakveggen på liggearealet er det eit tidleg teikn på at det byrjar bli for varmt.

// Sideleie: grisene prøver å få mest mogleg av kroppen til lufting, dei har det for varmt. Er det plass nok i bingen ligg alle slik, og dei startar ikkje å grapse og legge seg i skiten. Er det for lite plass, vil fleire griser måtte ty til skit og trekk frå spaltegulvet, for å kjøle seg ned.

Sorter grisen ved innsett

Planlegg sortering og plassering av gris før innsett. Bli einige dykk imellom, korleis de vil ha det, og følg planen. 

Set gjerne nummer eller namn på bingane, så er det enklare å kommunisere dykk i mellom, og styre eventuell våtfôring etter kva dyr de har i dei ulike bingane. Me anbefalar at det kun er ope i nokre få bingar i rommet når smågrisene kjem, altså stappfulle bingar. Gå sakte til verks med hørselvern og beroligane musikk i øyrene, merk purkene og kastratane i kvar sin farge. Når det er gjort, leitar de etter dei fem største kastratane, set desse i den kaldaste enden av huset, oftast er det ved ein yttervegg.

Leit etter dei neste fem styrste kastratane, til du har det antalet dyr du vil ha i bingen. Gjer det same med purkene, sorter vekk dei største fyrst, gjerne to bingar av kvart slag, slik at det er likt antal, storleik og kjønn på kvar side av fôrnedløpsrøyret, for dei som har våtfôr. Deretter leitar de etter dei aller minste av kastratar og purker, og set dei i den beste delen av huset, der det er varmast.

Oftast er dette i dei midtre bingane i rommet. Er det like kaldt overalt, kan det vere ein idè å sette inn overdekningstak i nokre bingar, dedikert til dei minste grisene. Når de no har sortert vekk dei aller styrste, og dei aller minste, skal det vere nokså jamn gris att. Denne plasserar de i resten av bingane, kastratar på eine sida, purker på den andre, så godt det let seg gjere.

Tre typar halebiting

All halebiting er unormal ­åtferd, og eit synleg teikn på at grisen er utsett for stress. 

Med stress meiner me at miljøet elles ikkje tilfredstiller grisen sitt behov, og grisen vert frustrert. Hengende hale er teikn på napping.
Det er tre typar halebiting som oppstår:

// To-trinns halebiting. Denne syner seg med napping og tygging på halar, den opptrer langsamt og vedvarande, ofte har alle grisene i bingen tygde halar, utan at det vert avbitne tuppar. Grisen leiter etter mat, grovfor.

// Brå og voldsom halebiting, oppstår brått og grisen er aggressiv. Ofte er det ein gris som startar, åtferda smittar i bingen, og brått er alle halane tekne. Denne opptrer på grunn av konkurranse om ettertrakta ressursar i bingen (vatn, fòr). 

// Manisk halebiting. Den klassiske halebitaren me er oppdregne til å leite etter, som er så besett at den vil bite halar uansett kor den går og kven den går ilag med.

 

Akutt utbrot – raske tiltak

• Lokaliser evt. manisk halebitar. Fjern/isoler denne.

• Set skadde dyr i sjukebinge, spray halen/ såret med blanding av jod og sprit. Effektiv og uttørkande. Vurder om dei treng veterinær-behandling, tilkall denne.

• Set inn tiltak i bingen, hugs «nyhetens interesse» (Sjå tips i boks)

• Tett oppfølgjning av aktuell binge og dei sjuke minst to gangar dagleg.

• Start jakta etter årsak til halebitinga.