Publisert: 23.04.2013 Oppdatert: 30.05.2018

Stikkord:

Rotasjonskryssing – ingen optimal løysning?

Norsvin har omsider tatt for seg rotasjonskryssing som rekrutteringsmodell. Konklusjonane er ikkje uventa svært negative, og dei argumentene som er trekt fram mot rotasjonskryssing passer godt med det som har vore og er Norsvins politikk.


Rotasjonskryssing – ingen optimal løysning?

Norsvin har omsider tatt for seg rotasjonskryssing som rekrutteringsmodell. Konklusjonane er ikkje uventa svært negative, og dei argumentene som er trekt fram mot rotasjonskryssing passer godt med det som har vore og er Norsvins politikk.

 

Vi viser til innlegg fra Norsvin om rotasjonskryssing i Svin nr. 3 i år.

Som i mange tilfeller er nok svaret på kva som er optimalt meir nyansert enn Norsvin gir inntrykk av i si vurdering rekrutteringsformer.

 

EIT ALTERNATIV

Dette handler ikkje spesielt om rotasjonskryssing, men om ein skal rekruttera purker via innkjøp eller driva eigenrekruttering. I alle år har det vore ein god del besetningar som har rekruttert sine eigne purker basert på ein kjerne av landsvinpurker utan at Norsvin har vore så negative til dette. Overgang til lausdrift viser at dette er ein lite gunstig rekrutteringsform. Landsvinpurkene blir taperar i lausdrift saman med LY purker og erfaringane med dette driftsopplegget er så dårlege at dette vil vi ikkje anbefale med dei små besetningane vi har i Norge. Rotasjonskryssing står då att som eit aktuelt alternativ.

Ein del produsentar har ulike grunnar for å drive eigenrekruttering. Ønske om lukka besetning, interesse for avl og økonomi kan vera argument for dette, og då må vi anbefale den rekrutteringsformen som er den mest optimale ut frå desse ønskene.

 

KOR ER FRAMGONGEN?

Det blir lagt stor vekt på den avlsmessige framgongen i Norsvins vurdering av rotasjonskryssing. Etterslepet er i følge Norsvin berekna til 0–30 kr per slaktegris etter 6–7 generasjonar. Det er dyktige produsentar som skal vurdera eigenrekruttering. Kanskje har dei eit etterslep som er langt nermare 0 enn 30 kr?

Mange har og vanskar med å finne igjen den store framgongen på slaktegris. Med unntak av kjøtprosent har dei andre produksjonseigenskapene på slaktegris vore så godt som uendra dei siste åra i følge den statistikken som finns på dette.

 

EI SAMLA VURDERING

Eigenrekruttering eller innkjøp bør vurderast ut frå ei samla vurdering hos den enkelte. Eigenrekruttering har fleire ulemper som det er viktig å gjera oppmerksom på, men det finns og fordeler. Det å kunne vurdera alle purkene i besetningen som potensielle mordyr for nye purker er ein stor fordel.

Eit visst omfang av eigenrekruttering vil og verke stimulerande og skjerpande på avlsbesetningane og desse har lite å frykte hvis pris og kvalitet står i forhold til det produktet dei produserer. Innkjøp av LY purker gir i dei fleste tilfeller best avlskvalitet og er det klart enklaste driftsopplegget. For dei aller fleste vil fortsatt dette vera det beste rekrutteringsalternativet.

Eigenrekruttering kan på andre sida vera svært interessant og kan gi ein økonomisk og helsemessig gevinst. Dersom økonomien i denne rekrutteringsformen er dårleg vil dette ordna seg av seg sjølv. Vi har tillit til at dei fleste sjølv vil velge eit driftsopplegge som gir best mulig økonomisk resultat i drifta si.