Publisert: 08.05.2012 Oppdatert: 30.05.2018

Stikkord:

Registrering av holdpoeng og bogsår i Rypdal purkering

Registrering av holdpoeng i Rypdal purkering syner samanheng med andre faktorar som bogsår, kullvekt, kullnummer og dietid. Purker med låge holdpoeng og bogsår ved avvenning har også stor risiko for at dette vil gjenta seg ved neste avvenning.


Registrering av holdpoeng og bogsår i Rypdal purkering

Registrering av holdpoeng i Rypdal purkering syner samanheng med andre faktorar som bogsår, kullvekt, kullnummer og dietid. Purker med låge holdpoeng og bogsår ved avvenning har også stor risiko for at dette vil gjenta seg ved neste avvenning.

av Knut Sørdal, praktiserande veterinær, Asbjørn Ramselien og Oddbjørn Kjelvik, Nortura, Bente Fredriksen, Animalia

Rypdal Purkering

Rypdal purkering vart etablert i 2005. Bakgrunnen for denne etableringa var ein sterk uro hos svinebøndene for eit minkande purketall i Møre og Romsdal. Mange meinte at eit slikt driftssystem ville gje ein stabil produksjon og eit godt grisefagleg miljø, noko også utfallet av denne etableringa har vist. Satellittane til Rypdal purkering er plassert i heile Møre og Romsdal frå Surnadal i nord til Volda i sør, der lengste avstand er 16 og 12 mil frå navet. Dette er sjølvsagt kostnadskrevande, og setter krav til all planlegging av transport og oppsett av puljer.

Produksjon og resultater

Totalt er det i ringen 20 satellittar som disponerer 347 fødebingar. Etter planen vert dette tilsaman 2249 kull per år, som igjen gir 25220 stk. slaktegriser til Nortura. Alle har 8- ukers puljedrift. I 2011 vart det produsert 2140 kull. Dette er 89 færre kull enn planen. Årsaken til dette er i stor grad omlegging av rekrutteringa fra bedekningsklare ungpurker til småpurker, og ein brann der 24 kull gjekk tapt. Ringen hadde i året 2011; 13,1 levendefødte, 11,1 avvente, som igjen gir 23,6 avvente griser per årspurke. Det er stor variasjon fra besetning til besetning, der dei beste satellittane hadde 14,6 levandefødte og 12,6 avvente. I desse besetningane vert fødslene overvaka heile døgnet i fire-fem dagar. Gjennomsnittleg dietid var 33 dagar.

Fôring i ringen

Det vart ikkje ført nøyaktige registreringar over fôrforbruk i satellittane. Inntrykket er at det vert fôra godt både i perioden før grising og i laktasjonsperioden. Om lag tre firedeler av satelittane brukar tørrfôr. I tillegg vert det hos dei fleste brukt ein del grovfôr, helst i form av silo- rundballefôr.

Kontroll av purkene

Purkene vert kontrollert av veterinær før retur til navet. Det vert gjort registering av hold, bein, jur og bogsår. Spesielt vert antall funksjonelle jurkjertlar vurdert nøye, då dette er vanskeleg å få til på ein god måte i navet. Innkøyringa av purker til navet foregår over to dagar. Purkene, om lag 80 i talet, vert fordelt i to bedekningsbingar med talleunderlag. Her foregår så den endelege gjennomgangen av veterinæren i navet. Purker som skal utrangerast vert teke frå, og purker klar for inseminering vert vaksinert.

Holdregistrering

Den utvida holdvurderinga vart gjennomført i samband med denne gjennomgangen. Det var veterinær og dagleg leiar i navet som i samarbeid vurderte alle purkene i heile perioden. I og med at all vurdering vart gjennomført av dei same personane, meiner vi at registreringa vart lik i heile perioden. Det vart brukt tradisjonelt holdvurderingsskjema med poeng frå 1 til 5. I tillegg vart det supplert med halvpoeng, der vi meinte det var nødvendig. Bogsår vart registrert etter ein skala frå 1 til 4, der 1 er skader i ytste hudlag, og 4 er slitasje inntil knokkel. Registeringane vart ført i Ingris i lag med øvrige data for siste grising.

Resultater bogsår og holdpoeng

Registreringa vart gjennomført frå september 2009 til januar 2011, og representerer 2594 avvente kull. Det er purker som har hatt frå 1 til 4 kull i perioden. Det vart registrert 15,2 prosent med bogsår fordelt med 10,5 prosent grad 1, 3,5 prosent grad 2, 1 prosent grad 3 og 0,2 prosent grad 4. Registrering av holdpoeng fordelt på kullnummer framgår av figur 1, og registrering av bogsår ved ulike kullnummer i figur 2. Lågast holdpoeng vart registrert hos purker med kull nr 2.

Samanheng holdpoeng og produksjonstall

Holdpoeng viser klar samanheng med høgare kullvekt ved avvenning og antall diedagar. Dette er naturleg da desse faktorane tapper purka for energi, og slik gir lågare holdpoeng som resultat. Purka sitt kullnummer viser også samanheng med hold, høgare kullnummer har bedre holdpoeng ved avvenning. Holdpoeng i eitt kull viser samanheng med holdet som vert registrert ved neste kull.

Bogsår

Materialet frå Rypdal purkering viser ein tydelig samanheng mellom hold ved avvenning og førekomst av bogsår. Mens ca. 20 prosent av purkene som har holdpoeng = 2 har bogsår, har berre 8 prosent av purkene med holdpoeng = 3 bogsår. Risikoen for å få bogsår i neste periode er meir enn tredobla dersom purka hadde bogsår ved siste avvenning. I dette materialet er det ikkje gjennomgått årsaker til utrangering, og det er derfor ikkje tall på utrangerte purker på grunn av bogsår. (Knut og Asbjørn) HAR VURDERT: Praktiserende veterinær Knut Sørdal i Rypdal purkering har saman med dagleg leiar i navet gjennomført vurdering av alle purkene i navet frå september 2009 til januar 2011. Også Asbjørn Ramselien og andre i Nortura og Animalia har fulgt prosjektet tett. (Figur 1 See attached file: Rypdal_figur.xlsx) (Figur 2) Forekomst av skuldersår ved ulike holdpoeng.