Publisert: 01.03.2013 Oppdatert: 30.05.2018

Stikkord:

Purkeslakting og auka vektar

Purketalet er for høgt og må ned. Mange Gilde-produsentar i Rogaland vil ha ei eller anna form for purkeslakting. Samstundes meiner dei fleste at Gilde må konkurrere betre på pris, og auke slaktevektene.


Purkeslakting og auka vektar

Purketalet er for høgt og må ned. Mange Gilde-produsentar i Rogaland vil ha ei eller anna form for purkeslakting. Samstundes meiner dei fleste at Gilde må konkurrere betre på pris, og auke slaktevektene.

 

Desse signala kom klart fram då Gilde Vest arrangerte eit godt besøkt produsentmøte med om lag 80 svineprodusentar på Julebygda grendehus i Sandnes tidleg i september. Forslag til korleis ein kan løyse overskotsproblema sprikte i nokså ulike retningar. Men svært mange etterlyste ei eller anna form for ordning som kan bringe purketalet ned. Dei fleste var også samde i at Gilde ikkje må henge etter dei private konkurrentane når det gjeld pris og vektar.

– Eg er einig med Sveinung Svebestad i at Gilde må vere best på pris. Me kan ikkje leve med den forskjellen vi har. Eg meiner også at Gilde må auke vektane og ta ut den gevinsten som ligg i det for oss produsentar og slakteriet. Så får prisen styre resten, sa mellom andre Mons Skrettingland. Olav Røysland var samd i at det gjeld å vere best på pris. I dag er skilnadane urimeleg store, meinte Røysland.

– Hvis det er gode marginer i å auke slaktevektane, så må også Gilde få tak i dei marginane. Me må kunne konkurrere på vektar i framtida, meinte Geir Heggheim.

 

– I fjor var det 52 som slutta med purker her i Rogaland, men talet på purker aukar. Har vi stabilisert produksjonen, eller er det fortsatt trøkk ? Eg meiner at vi må støtte opp om dei reguleringstiltaka som Gilde har sett i verk. Ordninga med økonomisk kompensasjon for reduserte vektar har redusert vektane med tre kilo per slaktegris. I vårt område er me heilt avhengige av at landbrukspolitikken og reguleringa av marknaden verkar. Vi treng produsentar over heile landet. Også vi i Rogaland vert eit distrikt med store problem hvis landbrukspolitikken spelar falitt. Det blir ikkje lett å skape rom for ny utbygging utan spreieareal, korn og marknad. No har forskjellen mellom store og små besetningar vorte veldig stor. Difor meiner eg at produksjonstillegget til dei første suggane bør aukast, hevda Willy Finnbakk.

Thor Bieltvedt sa det slik; – Me elsker å skape eit inntrykk av at det er frihet og openhet i næringa vår. Men når det vert overproduksjon så kjem krava fort om reguleringar, utslakting og kontraktsproduksjon. Vi må ikkje gløyme at vi er ei regulert næring. Alle må ta belastningar og ansvar. Ingen kan definere seg ut av situasjonen, meinte han.

Asbjørn Voll sa at hestekuren som nå trenges må tas økonomisk. Det finnest inga lettvin løysing så lenge næringa er open. Litt overraskande kanskje, men det var Per Voll som først trakk purkeslakting fram i debatten.

– Eg har vore i mot purkeslakting, men situasjonen er ny nå. Overkapasiteten på sugger er stor, og nå må vi få den ned. Eg ser for meg ein kort men intensiv periode der alle som vil kan få eit visst beløp om dei reduserer talet på purker. Nokre vil slutte, andre vil redusere, men vi kjøper oss tid til å puste. Smågrisslaktinga er dyr i forhold til kva ho betyr, meinte han.

Ove Aanestad var samd i at det bør kome forslag om ei form for purkeslaktingsordning. Hvis me kun bruker pris som verkemedel, så risikerer me å miste mange av dei vi skulle hatt med oss. Om me ikkje lukkast med purkeslakting, så vil debatten om kontraktsproduksjon kome for fullt, sa han.