Publisert: 28.06.2013 Oppdatert: 30.05.2018

Stikkord:

Purkeringen i Møre og Romsdal tek form

Svineprodusentane i Møre og Romsdal satsar offensivt. Sjølv om leveransane har gått noko attende i einskilde kommunar siste året, er det likevel optimisme og pågangsmot som pregar bøndene.


Purkeringen i Møre og Romsdal tek form

Svineprodusentane i Møre og Romsdal satsar offensivt. Sjølv om leveransane har gått noko attende i einskilde kommunar siste året, er det likevel optimisme og pågangsmot som pregar bøndene.

 

Prosjektarbeidet rundt etablering av purkering i fylket tek hovudfokus for tida. Dette er også nerven i den positive driven som råder, kan medlem av prosjektgruppa for purkeringen, Bjarne Nerheim frå Tresfjord, orientere om på svineavlslaget sitt årsmøte på Vestnes Fjordhotell.

 

PURKERING

Ein prosjektplan er på det meste ferdig. Ei kostnadsramme for dette forprosjektet på ca 265 000 må vere minst 50 % finansiert før avgjere om oppstart kan takast. Ein søknad til Innovasjon Noreg (SND), samt bidrag frå dei impliserte, utgjer kapitalgrunnlaget. Medio Juni 2004 skal ein ha utarbeidd eit grunnlag for å vite om ein skal gå for etablering eller ikkje. Nerheim legg ikkje skjul på at noko av bøygen kan bli å få høveleg organisering av satelittar, geografisk så vel som i storleik og tal. Ein stor kabal skal på plass før ein har fått eit system der minst 550 purker skal rotere mellom nav og ein stad mellom 15 og 20 satelittar rundt om i Møre og Romsdal. I så måte er sentral plassering av navet naudsynt for skånsam og rasjonell transport.

Informasjon til satelittar og tilbakemelding frå desse med skriving av intensjonsavtale som fylgje, er ein annan viktig milepæl. Dette andre viktige avgjerdspunktet har 1. Mai som frist. Av kritiske faktorar er sjølvsagt eigna drivarar av nav og satelittar viktig. Viktig er også å få til ein balansert produksjon heilt fram til ferdig slaktegris. Dette inneber at ein vil ha bruk for ein del produsentar som tek seg av fôring frå smågrisstadiet fram til slaktemoden gris. Fagkonsulent gris, Asbjørn Ramselien i Gilde Bøndernes Salslag (GBS), understrekar at ein balansert produksjon er viktig for utnyttinga av potensialet som ligg i samarbeidet. Elles kan Ramselien meddele at GBS har vedteke å støtte med gunstig finansiering av livdyr for oppstart av ringen. Ei utnytting av produksjonskapasiteten vil gje ein auke på om lag 6-8000 dyr per år, eit antall som GBS er godt rusta til å handtere i dag, slår Ramselien fast.

 

ÅRSMØTE

Johan Krøvel frå Ørsta fekk på dette årsmøtet attval samen med resten av styret i Norsvin Møre og Romsdal. Dette borger for kontinuitet i ei viktig arbeidsperiode for fylket sine svineprodusentar.

Krøvel kan referere til eit aktivt år. Deltaking under Matfestivalen er verdifull kundekontakt. Fagmøter er viktige fora for utvikling og forbetring. Studietur til Aura purkering i Skjåk gav god innsikt i drifta av ein purkering, meiner Krøvel. Medlemstalet dala litt frå året før, men dette må berre spore til auka rekrutteringsinnsats. Nedgongen i produksjonen er det teke grep for å snu, stadfester eit samrøystes styre. Andre medlemmar er Jan Edvin Hoem frå Flemma, John E. Fiske frå Surnadal, Lars Erik Hubred frå Tresfjord og Bjørn Rekkedal frå Vartdal.

 

FAGDEL

Utarbeiding av hus- og innreiingsløysingar for satelittar er høgaktuelt fagstoff. Frå Norsvin på Hamar hadde Ivar Aanekre teke med seg planløysingar som han la fram for forsamlinga. Aanekre har erfaring frå eiga drift, så vel som mange års planlegger for norske svineprodusentar. Har også vore med å bygge opp avlsstasjon i Litauen.

– Det er du som huseigar som legg premissane, seier Aanekre, i ein diskusjon med forhandlarane av hus og utstyr. Låge investeringskostnader på hus og gode innreiingsløysingar er grunnlaget for ein god og økonomisk produksjon. Fôrforbruket kan optimaliserast og forbetrast.

-Ha god kontroll på forbruket. Her er det penger å spare, slår Aanekre fast.

Elles er heile avlsarbeidet avhengig av gode rapporteringsrutiner. Gjennom InGris samlar Norsvin store datamengder som kjem framtidig avlsarbeid til gode. Her ligg Norge i fyrste rekkje.

Sjølv om det norske avlsarbeidet har breidd seg utover landet sine grenser, som til dømes Sverige, Finland, Baltikum og USA, er gode forhold for norske svineprodusentar hovudmålet.

Semintala syner ein auke på 4,9 prosent i snitt for 2003, der Rogaland står for den største auka.

Dei gode resultata svineavlen har oppnådd kjem allerede norske produsentar til gode via bidrag frå utanlandske brukarar. Her er det potensiale framover, seier fagkonsulent Ivar Aanekre i Norsvin.