Publisert: 21.02.2013 Oppdatert: 30.05.2018

Stikkord:

Ny strategi for dyrehelse i EU

EU jobber for å lansere ein ny strategi for dyrehelse til sommeren neste år. Dyrehelse sto på dagsordenen i november då Kommisjonen arrangerte ein stor konferanse om temaet i Brüssel.


Ny strategi for dyrehelse i EU

EU jobber for å lansere ein ny strategi for dyrehelse til sommeren neste år. Dyrehelse sto på dagsordenen i november då Kommisjonen arrangerte ein stor konferanse om temaet i Brüssel.

 

Ein plattform for den nye strategien vil være at førebygging er betre enn behandling og kurering. Konferansen er del av det såkalte «vegkartet for dyrehelse » for 2007 – 2013, lansert for to år sidan. Markos Kypriano, kommissær for helse og forbrukarvern (DG Sanco), sa på konferansen at den nye strategien må gjere det attraktivt for bønder å bry seg meir om førebyggande helsearbeid. Kommisjonen foreslår også eit bonussystem for bønder som brukar teknologi for å hindre sjukdom, eller som held dyra fri for sjukdom ein viss periode.

 

600 REGULERINGER

Ein evalueringsrapport presentert på konferansen foreslo skjema for kostnadsdeling mellom bønder og andre aktørar. Dette var det mest konkrete forslaget i den nye rapporten. Rapporten slo fast at EUs politikk for dyrehelse stort sett var positiv, men at det mangla ein klar definert strategi, og ei forenkling av lovverket. Over 600 ulike reguleringar gjeld på området.

 

BSE KREVDE DEI FLESTE PENGANE

Rapporten viste også at 85% av veterinærfonda mellom 1997 og 2005 gjekk til Storbritannia og Nederland, knytt til BSE, fugleinfluensa og andre sjukdommar. Denne ubalansen betyr at område med låg risiko sponsar område med mykje sjukdomsutbrot, noko som ikkje verkar stimulerande for å setje i verk førebyggande tiltak.

Vaksinering var eit av tema som også kom opp under konferansen. Mange meinte vaksinering er meir akseptabelt enn masseslakt, men kommisjonen var skeptisk til kostnadene. Fleire peika også på konsekvensar for handel, fordi mange er skeptiske til å kjøpe kjøt frå vaksinerte dyr. Generaldirektør Robert Madelin i DG Sanco sa dyrehelsedebatten måtte fokusere på to ting: akseptert risikonivå og proporsjonale reglar for dyretransport. Han meinte det no måtte avgjerast om transportreglane skulle taklast separat, eller dei skal med i den samla strategien. (Kjelder: EU-kommisjonenn, AgraFacts, AgraEurope)