Publisert: 29.04.2013 Oppdatert: 30.05.2018

Stikkord:

Ny kolleksjon frå Bjørn

Bonden på Åse har kledd opp dei nyfødde jentegrisane for å ta betre vare på spenane deira.


Ny kolleksjon frå Bjørn

Bonden på Åse har kledd opp dei nyfødde jentegrisane for å ta betre vare på spenane deira.

Trine Selvikvåg Orre, Rogaland Eit kull på 17 grisungar trippar rundt i bingen. Dei prøver å få tak i litt mjølk frå mora, men ho er ikkje klar til ein ny runde riktig enno. Difor tuslar dei fire dagar gamle småtassane inn i den varme hytta si igjen. Der ligg dei i ein stor haug med attlatne augo. Dei ristar og gryntar. Fire av dei er kledde i svarte, tettsitjande drakter. Ei av dei kravlar over brørne og systrene sine. Den svarte drakta hennar har ei kledeleg fargerik fartsstripe, og på ryggen er ordet «Wednesday» brodert med raud skrift. – For nokre år sidan fekk eg eit sett med sokkar av jentene mine. Det var eit par til kvar dag. No er dei så godt brukte at grisene har fått dei. Difor spring det i alle fall ein måndagsgris og ein onsdagsgris rundt her, humrar Borgen.

Vern for spenane

Det ser kanskje berre ut som ein gimmick, men Orre-bonden meiner at det er nytte i kleda. – Når ei sugge før eit stort kull på meir enn 12 grisar vert det krangling om spenane. I kampen om å få tak i ei god spene, filer griseungane spenane sine på betonggolvet slik at dei kan få sår og verta øydelagde, forklarer Borgen. Som eigaren av ei avlsbesetning synest han det er svært trøyttande om spenane vert øydelagde. – Det er spesielt viktig at dei fremste spenane er fine. Det er dei som gjev mest mjølk. Helst skal ein gris ha 14 gode spenar, men det hender at dei både har 10 og 18. Det er uansett lite heldig, seier han. Borgen har tidlegare prøvd å verna spenane med sportsteip, men tykkjer ikkje at teipen er haldbar nok. – I Danmark har dei visst ein spesialteip, men eg har ikkje klart å spora han opp, seier Borgen.

 

For herrar og smågris

Han hugsar ikkje kvar han fekk ideen til å kle opp grisane i sokkar, men han veit at han ikkje kom på det sjølv. – Eg trur eg las i eit tidsskrift at det gjekk an å bruka nylonstrømper, men eg synes at nylon vert for tynt, seier grisebonden. Bjørn Borgen nyttar herresokkar av type bomull. – Eg har funne ut at det berre er den øvre delen av sokken som fungerer til grisedress. Strikken passar perfekt som hals på drakta, og så klypper eg to hol til føtene. Om strikken er for slakk, klarer grisane å vri av seg kleda, seier Borgen.

 

Kamp om maten

I grisebingen ligg to svarte sokkar samankrølla på betonggolvet. Dei er fulle av sagflis, men Bjørn Borgen børstar av dei og plukkar opp ein av grisane som har klart å vri seg ut av dressen. Griseungen hylar høgt når Borgen trer dressen over hovudet, men roar seg med ein gong bonden slepp ho ned til mora. Med eitt gjev purka ut nokre slappe grynt. Ein etter ein kjem ungane ut frå hytta si. Det er fôringstid. – Dette er reine vitskapen. Sugga gjev beskjed når ho er klar til å gje mat, forklarer Borgen. Det blir ein kamp om å få tak i spenane. Grisungane skubbar kvarandre vekk. Her er det ikkje snakk om å dela på goda.

 

Veks raskt ut av kleda

Bjørn og Karen Borgen driv ein av tre gardar på Jæren som har ei avlsbesetning som sel sugger. I tillegg sel dei ein del smågris til slaktegrisproduksjon. – Me har mellom 150 og 180 årspurker. Mellom kvar femte og kvar sjette veke vert det fødd cirka 30 nye kull her, seier Borgen. I løpet av eit år er det snakk om rundt 3000 nye smågris. – Kor lenge har du kledd opp grisane dine? – Eg har halde på i eit par månadar. Eg prøvde det på omlag 15 kull før eg gjekk lens for sokkar. Det gjekk på skuffa laust, svarer han og ler. – Kor lenge har grisene på seg drakta? – Berre dei første dagane etter fødselen. Etter det, har dei funne si faste spene, og då vert det ikkje meir krangling. Dessutan veks dei så fort at kleda raskt vert for små, forklarer Borgen. Grisane er rundt halvanna kilo når det vert fødde. På den første veka doblar dei vekta. Etter ti veker er dei ti kilo. – Kjem du til å halda fram med å kle dei? – Ja, til no har det vore gode resultat. Eg vaskar sokkane, og bruker dei om att på nye kull, seier Borgen.