Publisert: 21.03.2013 Oppdatert: 30.05.2018

Stikkord:

Ny grisebonde på Jæren vant vervekonkurranse

Elling Braut jr. vart trekt ut som den heldige vinnaren av abonnentververkonkurransen som Svin lyste ut i samband med 40 årsjubiléet for bladet.


Ny grisebonde på Jæren vant vervekonkurranse

Elling Braut jr. vart trekt ut som den heldige vinnaren av abonnentververkonkurransen som Svin lyste ut i samband med 40 årsjubiléet for bladet.

 

Premien var ein tur til Agromek 2006 i Danmark. Elling Braut jr. er ein ung og interessert slaktegrisprodusent på Sør- Braut i Klepp kommune. Både han, kona og resten av familien er engasjert i gardsdrifta, men dei tre ungane er for små til at dei er med i drifta.

På garden er det mjølkekvote for produksjon av 150 tonn melk i året, og i 2004 bygde dei heilt nytt slaktegrishus med plass til 600 slaktegrisar. Dei er fordelt på fire rom á 150 grisar, og det er ein smågrisprodusent i nabolaget som leverer smågrisane. Det kjem inn 300 grisar i kvart innsett på garden. Braut har nå femte innsettet inne i det nye grisehuset sitt, og 3,5 innsett på årsbasis i fjor med dei vektgrensane som har vore.

Huset er på vel 800 kvadratmeter, og det er bygd som eit kort og bredt hus. Det er pustande himling i alle fire avdelingane. Huset har våtfôring, og Elling bruker ei blanding med 10–15 prosent myse som er eit restprodukt fra Tine sin Brelett-produksjon på Klepp. Dette er ei svak myse som det går cirka 15 liter av på kvar fôreining.

– Så langt har det stort sett gått greit i grisehuset. Eg er med i In-Gris fordi eg ynskjer å sjå kor effektiv produksjonen i grisehuset mitt er i røynda, seier Elling Braut jr. til Svin.

Han ser fleire utfordringar i produksjonen i tida som kjem, men dei to viktigaste vert fôrforbruk og tilvekst, samt lågare sprik i slaktevekt ved leveranse.

 

HER ER NOKRE TAL FRA INGRISPRODUKSJONSRAPPORTEN FOR 2005

Dei er utarbeida av Fatland Jæren. Elling er sjølv litt usikker på kor riktige dei er. Det seiast at tala for det første driftsåret har ein tendens til å verte litt høge, seier han.

 

DB per gris kr

370

Kr per FeG

2,13

Dagleg tilvekst g

954

FeG per kg tilvekst

2,76

Vekt ved innsett kg

31,0

Slaktevekt kg

75,5

Kjøtprosent

57,5

Døde og kasserte %

1,7