Publisert: 04.03.2013 Oppdatert: 30.05.2018

Stikkord:

– Nei til nytt statleg reguleringsbyråkrati

– Omsetningslova og dagens marknadsregulering er det beste for norske bønder. Eg meiner at markedsordninga er genial. Men det er naudsynt at rådet, organisasjonane og bøndene syner ansvar om ordninga skal overleve.


– Nei til nytt statleg reguleringsbyråkrati

– Omsetningslova og dagens marknadsregulering er det beste for norske bønder. Eg meiner at markedsordninga er genial. Men det er naudsynt at rådet, organisasjonane og bøndene syner ansvar om ordninga skal overleve.

 

Omsetningsrådets leiar Ottar Befring er ikkje i tvil. Han meiner ikkje at lova fra 1930 har gått ut på dato, slik enkelte tek til orde for. Tvert om. Befring er full av godord om lova, som har vorte revidert og justert ei rekkje gonger opp gjennom åra.

– Hadde det ikkje vore betre om eit nøytralt organ hadde fått ansvaret for reguleringa i staden for ein bondeeid organisasjon som også er tung aktør i marknaden for kjøt, til dømes eit statleg forvaltningsorgan slik Kjøttbransjens Landsforbund har teke til orde for?

– Eg meiner ikkje det, og eg må innrømme at eg vart litt overraska over dette utspelet. Eg kan forstå logikken i tanken om nøytralitet, men her må me sjå på hensikten med heile ordninga. Skal vi byggje opp eit nytt og dyrt statleg landbruksbyråkrati til å ta seg av dette? Nå har vi ein smidig løsning med ansvarlege aktørar til låge administrasjonskostnadar. Eg trur ikkje på å bygge opp eit nytt og kostbart byråkrati til å handtere dette. Eit viktig argument i mot er også at vi da vil umynddigjøre den tyngste aktøren i kjøtmarknaden. Det er GNK som kjenner pulsen best, og det er dei som har skoene på. I dag er det eit statleg organ, Omsetningsrådet, som gjer vedtak og gjev retningsliner. Markedsregulator må gjennomføre desse vedtaka på vegne av det statlege organet. Tenk kva det betyr for forståinga av ordninga begge vegar. Eg trur altså ikkje på eit nytt statleg kontrollapparat. Dagens regulering av marknaden er det beste instrumentet bøndene kan ha, etter mi meining.

– Kva om marknadsregulator seier frå seg ansvaret?

– Det kan jo skje, men vi godtgjer ein del av dei administrative kostnadane som marknadsregulator har. Kanskje må vi i ein slik situasjon finne på noko i statleg regi, men det er ikkje ønskeleg sett frå mi side. Det er så mange fordeler med dagens ordning.

– Det er 19 medlemmar i Omsetningsrådet, og bøndene har eit knapt fleirtal. Hender det ofte at diskusjonane går høgt og at medlemmane er usamde?

– Nei. Litt usemje kan det vere nokre gonger, men det er ikkje ofte. Eg oppfordrar til åpenhet, og vi lytter til gode råd fra dei som kvar dag kjenner marknaden for matvarer på pulsen.

– Du er statens representant som leiar av rådet. Men det er bøndene som betaler avgiftene som finansierer tiltaka som det statlege Omsetningsrådet vedtek? Er ikkje fondsmidlane bondens pengar?

– Jo, det er det ingen tvil om. Det er bondens pengar som trekkjast inn ved lov gjennom omsetningsavgifta. Det var bondens pengar, og det vert bondens pengar. I mellomtida er dei innom eit statleg råd og fond. Dette er hjemla i lova, og denne konstruksjonen har vore til stor glede for både samfunnet og bøndene. På heile 20-talet prøvde politikarene å regulere den håplause matmarknaden, men dei greide det ikkje. Det vart ikkje orden på dette før bøndene sjølve gjennom sine samvirkeorganisasjonar la fram forslag til korleis marknaden kunne regulerast. Det har både bonden og samfunnet spart pengar på. Ordninga er spesiell, men ho har synt livskraft gjennom 75 år. Eg trur ho får feire 100 års-jubileum, med mindre EU-medlemskap eller bortfall av maksimalprisordningar snur opp ned på ting. Eg er statens representant i rådet, peika ut av departementet. Men alle som sit i rådet er på sitt vis statens representantar, sjøl om dei kjem frå ulike organisasjonar. Vår eksistens kviler på omsetningslova, og våre oppgåver er nøye avgrensa.

– Nå trekkjast svineprodusentane kroner 2,70 per kilo kjøt i omsetningsavgift. Det er veldig mykje?

– Ja, det er ualminnelig sterkt. Det er lenge sidan avgifta var så høg. Avgift og prisnedgang til produsent er sterke signal om at produksjonen må ned.

– Kan avgifta bli høgare enn dette?

– Ja, det kan godt være at vi må opp i tre kroner eller meir hvis signala ikkje vert tekne på alvor. Eg håper naturlegvis at vi slepp det.

– Men premiert purkeslakting vil du ikkje ha. Kvifor?

– Reguleringstiltak skal være kortvarige. Dei skal gi så sterke signal at dei ikkje er til å misforstå. Hvis du heile tida premierer nedslakting av purker vert det til slutt lønnsomt å ha purker. Ei anna sak er at den purkeslaktinga vi hadde ga ikkje langvarig reduksjon i marknaden. Når omsetningsavgifta vert tung og prisen reduserast, så tek folk signala.

– Trur du marknaden er i balanse om eit år?

– Eg håper i alle fall det. Eg er optimist, og trur at overproduksjonen balanseres ut etterkvart. Eg såg at styreleiaren i Norsvin oppfordra til forsiktighet og ansvar. Lytt til henne. Drøy byggeplanane. Det har vore litt Klondyke no, med lett tilgang til lånt kapital, seier Ottar Befring, til dagleg fylkesmann i Møre og Romsdal.

Mange hugser sikkert Befring fra mange år som statssekretær i nettopp landbruksdepartementet, under to ulike statsrådar. Befring seier at det var ei artig tid, men han lengtar definitivt ikkje tilbake til politikken.