Publisert: 06.11.2020 Oppdatert: 06.11.2020

Stikkord:

Når andre vil styre!

Me har i lang tid opplevd at fleire vil setje dagsorden på dyras ve og vel i dagens samfunn.


Per Inge Egeland, styremedlem Norsvin

 

Det kan vere grupper, organisasjonar eller enkeltpersonar slik som i Nationen (20/10) der Norun Haugen sprer sine ytringar om noko som er vanleg i bransjen. Det klør i alle fingrane som nærmast skrik etter å få sleppe til på tastaturet for å lære henne kva som er vanleg praksis. Har denne sjølutnemnde eksperten på grisehold sett alt i vår næring og veit kva som føregår inne i husa våre? Ho skal få rett i at me ikkje har hatt heilt reint mjøl i alle husa våre, men for å dra kammen over heile næringa trengs det noko meir håndfast.

Frå årsskiftet vil Mattilsynet ha ei screening av næringa vår. Det utarbeidast ein veileder som kjem i byrjinga av desember. Den vil nok seie nokså nøye kva det skal leggast vekt på. Husk at dette er uvarsla, i den grad ein kan sei det når me veit starttidspunktet. Ver oppdatert på statusen i grisehuset ditt, og ha som utgangspunkt at det skal verte ein positiv dialog. Dei vil berre sjå korleis du driv!

For eit par veker sidan hadde me KSL-revisjon på garden. Ein hyggjeleg kar som det var lett å få dialog med. To positive observasjonar, eit forbetringsområde, og tre avvik vart resultatet. Min eigen observasjon var at det godt kunne vere skrive dei rutinane me har på bruket. Tanken bak er at ein mykje enklare kan kontrollera seg sjøl. Når enten KSL-revisoren eller Mattilsynet ringer på døra, så har ein eit godt grunnlag for å sjå til dyrevelferden. Mi tru er at dette blir det ikkje mindre av i tida framover.
Eit stikkord er klimarekneskap.

Lukke til med kvalitetsarbeidet!