Publisert: 29.04.2013 Oppdatert: 30.05.2018

Stikkord:

–Markedsreguleringa vert for dyr for oss

Svineprodusent Alf Indrebø i Førde har utvida produksjonen sin, og ser positivt på framtida som svinebonde. Men han er ikkje nøgd med reguleringa av marknaden. Ho vert for dyr for svinebøndene, meiner han.


–Markedsreguleringa vert for dyr for oss

Svineprodusent Alf Indrebø i Førde har utvida produksjonen sin, og ser positivt på framtida som svinebonde. Men han er ikkje nøgd med reguleringa av marknaden. Ho vert for dyr for svinebøndene, meiner han.

 

– Nokre få prosent for mykje kjøt kostar oss bønder utruleg store summar. Eg kan ikkje skjøne anna enn at det finnast måtar å regulere på som er rimelegare. Eg har inga fasitløysing, men eg meiner at dei som tek ansvar for reguleringa bør sjå nærare på dette. Vi veit at slike periodar kjem att, seier Indrebø.

 

NED MED TALET PÅ MORDYR

Han legg ikke skjul på at han er misnøgd med måten regularinga av marknaden skjer på i dag. Alf Indrebø meiner at tiltak må regulere marknaden slik at ein slepp kostnaden med å produsere og selje kjøt ingen vil ha.

– Tenkjer du på premiert purkeslakting?

– Nei, eg har inga særskild meining om purkeslakting. Men eg meiner at talet på mordyr på ein eller annan måte må reduserast. Me bønder ville ha tent store pengar på det.

– Men tiltaka i vinter syner vel at noko positivt har skjedd i marknaden den siste tida?

– Ja, og det er bra. Men vi veit at perioder som dette kjem att. Hvis vi fann eit system kor ein kunne ta ut kvar tjuande purke eller liknande, så slapp vi kostnaden med å produsere og selje kjøt som ingen vil betale særleg for. Dagens regulering vert for dyr for oss bønder, seier Alf Indrebø.

Han tror ågare kostnader vert enno viktigare i tida som kjem. Bøndene er i same båt som industrien. Avgifter, krav og produksjonskostnader vert så høge at ein misser kraft til å konkurrere.

 

SATSAR OFFENSIVT

Men Alf er ikkje av dei som heng med hovudet. Han har tvert i mot satsa offensivt på svineproduksjon heime på garden som han har drive sidan 1989. Gris har det vore på garden lenger enn det, og denne tradisjonen vil Alf føre vidare. I ‘96 vart konsesjonsgrensa auka, og Indrebø bygde om gamlefjøset og lyfta produksjon opp til konsesjonsgrensa. Også ved siste konsesjonsgrenseauke vart Indrebø med. Det vart bygd ny fødeavdeling som vart teken i bruk i fjor vår, og da vart produksjonen nesten dobla.

I dag driv dei kombinert svineproduksjon på litt under 60 årspurker. Smågrisen flyttast til slaktegrisbingane. Herfra kjem det om lag 1400 slaktegrisar kvart år.

 

FS-BINGAR

Det er altså ei avdeling for bedekning og drektige purkar. I bedekningsavdelinga går purkane på flistalle. I det nye huset er det to avdelingar med fødsel til smågrisbingar. Her går smågrisen att etter avvenning fram til han er om lag 30 kilo tung. Da går grisen vidare til ein av dei to slaktegrisavdelingane. Indrebø driv 5,5 ukers puljedrift, og dette, kombinert med sjølve driftsløysinga, gjer produksjonen rasjonell mellom anna med tanke på vask og rengjøring.

– Eg trur også at grisungane får litt betre tilvekst når dei slepp å skifte miljø. Eg brukar kulltutjevning og ammepurker ganske systematisk. Kullutjevninga skjer ved at vi plukker fra dei største kulla til dei som er mindre. Når eg tek purkene unna smågrisen i FS-avdelinga, så lar eg to ammepurker ligge attende. Dei får dei minste grisungane. Eg reknar ikke nøye på dette, men eg er nokså viss på at dei kjem etter og nesten tek att grisane i slaktegrisavdelinga. Slaktegrisen vert ganske jamn når vi leverer.

– Du har gode røynsler med dette driftsopplegget?

– Ja, no synest eg det fungerer veldig bra. Tapsprosenten er i snitt mellom 10 og 13. Men eg har slete med litt parvovirus, så talet på antall avvente har gått litt ned. Men no går det betre, og i dei to siste puljane passerte vi 25 avvente, Det er eg nøgd med. I denne produksjonen er det i stor grad opp til oss sjøl om vi lukkast. Det er noko eg set stor pris på, seier Alf Indrebø.