Publisert: 01.01.2017 Oppdatert: 30.05.2018

Stikkord:

Målpris på gris!


Målpris på gris!

 

Markedssituasjonen i svinenæringa har det siste halve året vore krevande og kostbar. Overproduksjon gir auka kostnader til markedsregulering som dekkes inn via auka omsetningsavgift og lågare engrospris for å stimulere til auka salg. Mange andre tiltak har og vorte nytta som lågare slaktevekter, slakting av smågris og eksport av smågris til Sverige.

Alle involverte parter har i større eller mindre grad gitt innspel til kva tiltak som på sikt må gjennomførast for å unngå for store svingningar i markedet, og dermed i økonomien for svinebøndene. Det mest spenstige forslaget som først og fremst Bondelaget er målberar av, er å sette ned målprisen med 2 kroner per kilo.

Er dette eit gjennomtenkt og godt tiltak? Vi meiner bestemt det er eit feilgrep, og vi vil her begrunna kvifor vi meiner det.

Dagens pris på både smågris og slakt er tilnerma rekordlåg. Prisen per kilo slakt til ein kombinert svineprodusent er nå ca 17,50 per kg. Årsaken til dette er at omsetningsavgifta er 2,70 per kg og engrosprisen er ca 3 kr under topprisen. I sum blir dette 5,70 per kg. I eit tilnerma balansert marked vil omsetningsavgifta vera mellom 1 – 1,50 og dette betyr at prisen kan aukast med minst 4,20 i forhold til dagens rekordlåge pris. Denne auken betyr at prisen per kg kan aukast til vel 21,70 kr i periodar med markedsbalanse.

Gir dette for god inntjening? Svaret på det varierer frå besetning til besetning, men utgangspunktet må vera at det fortsatt skal vera mulig å bygge til gris utan at ein skal ha det meste av kapitalen på bok før ein starter. Det vi opplever nå er ein galopperande prisvekst i byggebransjen. Det er så godt som uråd å få fast pris på byggeoppdrag som følge av svært stor aktivitet i heile næringslivet, og mange opplever at prislappen på nybygg bli til dels langt over det som var forventa då ein starta på prosjektet. Denne trenden vil nok halde fram, og dette må ein ta høgde for når ein skal vurdere økonomien i næringa framover. Byggeprisen er ikkje lenger 3 – 4000 kr, m2. Den er passert 4000 og den nærmar seg 5000 og i ein del tilfelle er den nærmare 6000 kr/m2.

(I tabellen til høgre har vi laga eit oppsett der vi har rekna på økonomien i kombinert produksjon med 60 årspurker og nybygg til 5 mill. Det er lagt inn middels effektivitet med 22 solgte slaktegris per årspurke. Då vil ein oppdage at dagens pris ikkje dekker dei kostnadene ein har, og ein driv altså med underskot. Det er tatt høgde for 6 % rente, som ikkje er så urealistisk når vi ser litt fram i tid.)

Dekningsbidraget på slaktegris med dagens pris er cirka 150 kroner, og det gir mulighet for ein smågrispris på snautt 600 kr som og stemmer godt med dagens pris på smågris inkl. alle tillegg.

Når markedet er i balanse bør slaktegrisprodusentan kunne ha 250 –300 kr i DB og det gir rom for cirka 750 kr i smågrispris. Dette gir igjen eit DB/årspurke i smågrisprioduksjonen på ca kr 8500.

Konklusjonen av dette er at målprisen må vera minst på dagens nivå for at det skal vera mulig å oppnå tilfredsstillande økonomi. Det er ikkje mange som vil vera tilfreds med under 200 000 i resultat etter ein investering på ca 5 mill. Ein må altså ha ein effektivitet som er over middels for at dette skal bli interessant nok. Reduseres målprisen med 2 kroner vil prosjektet gå i 0, og det betyr igjen at det over tid ikkje blir økonomi i nybygg utan at ein legg svært gode produksjonsresultat til grunn.

Er det så behov for meir bygg? Det vil fortsatt vera ein del som driv med gris i dag som ikkje kjem til å gjera det i framtida. Særleg slaktegrisproduksjonen vil ha behov for ein del nybygg då svært mange fortsatt driv i hus som er relativt små og tungdrivne. Ei næring som ikkje gir økonomi ved oppstart med nye bygg vil over tid ha eit stort problem.

Ved å redusere målprisen med 2 kr/ kg er det stor fare for at ein tar ein vekk framtidige muligheter til å tjene brukbart på svineproduksjon. Ein skal ikkje vera sikker på at politikerane verken i dag eller i framtida vil vera med på ein prisauka igjen sjølv om behovet vil vera der seinare.

Avtalepartane og markedsregulator må bli einige om å bruka pris meir aktivt for å senda signal til produsentane om kva nivå produksjonen bør vera på. Slik det er nå er det full gass når markedet er i balanse, og eit set ikkje ned prisen raskt nok når ein ser at produksjonen aukar for mykje. Gjer ein dette kan ein leve med ein målpris på dagens nivå og det vil det vera behov for med den sterke kostnadsauken som nå foregår.