Publisert: 01.01.2017 Oppdatert: 30.05.2018

Stikkord:

Målpris på gris – svar til Norges Bondelag


Målpris på gris – svar til Norges Bondelag

 

Viser til svar frå Bondelaget til vårt innspel om diskusjonen knytta til målpris på gris. Det meste av svaret blir brukt til å visa til «feil» i kalkylen i forhold til Norsvin sine normtal og det er i seg sjøl noko oppsiktsvekkande at Bondelaget er mest oppteken av å konstruera tal som viser at økonomien i svinenæringa er for god i forhold til andre produksjonar i landbruket. Vi trudde Bondelaget var meir opptekne av å oppretthalde og auke inntektene i landbruket, og då er nedgang av målpris på svin eit feil tiltak.

Utgangspunktet vårt var ein kalkyle med 12.000 i DB med 2 kr redusert målpris og tilnærma balansert marked. Norsvin sin kalkyle for 2007 gir eit DB på vel 9000! Vi rekna ein byggekostnad på 5 mill som er 1 mill mindre enn det Norsvin bruker i sine kalkyler. Og rentekostnadene? Jo når ein skal vurdere lønnsomheten i eit slikt prosjekt som eit snitt over heile avskrivingsperioden så er det greit nok å rekne rentekrav på halve investeringen. Skal ein seie noko om lønnsomheten dei første åra ein er i drift, må ein ta med heile rentekostnaden for å få eit rett bilde av økonomien.

Så til dei faste kostnadene på 200.000. Er dette for høgt? Ta ein kikk i regnskapa til Bondelagets medlemmer som driv med svin eller andre produksjonar og sjå kor mange som greier seg med 200.000 i faste kostnader. Sjølv om ein driv kun med svin så må ein ha ein viss maskinpark til utkjøring av gjødsel m.m. Skal ein leige inn den tenesten til denne produksjonen kjem det på 50 – 100 000. Slike kostnader er bl.a ikkje med i Norsvins normtal. Så når vi brukte 200.000 så har vi ikkje teke hardt i.

Vi håper og at Bondelaget får med seg det som skjer i svinemarkedet nå. Reduserte tilførslar kombinert med svært god salg fører til reduserte lager og eit marked som raskt nærmar seg balanse. Høg purkeslakting viser og at fleire nå gir seg, og dette skjer lenge før ein eventuell nedgang i målpris. Kva var årsaken til den raske og sterke auken i svineproduksjonen? Det var ein kombinasjon av fleire faktorar, men den viktigaste var myndig- hetenes dobling av konsesjonsgrensene som gjorde det mulig for både etablerte og nye produsentar å satsa relativt stort i forhold til tidlegare. Dette betydde nok langt meir enn nivået på målprisen.

Konklusjonen vår er minst like klar nå som sist. Redusert målpris er ikkje nødvendig. Markedet kjem snart i balanse og svineprodusentane treng ein periode med brukbar økonomi for å forsvare dei kostnadene mange har etter å ha satsa på denne næringa. I svaret legges det og stor vekt på dei innspel som Nortura vil gi før jordbruksforhandlingane vil bli tillagt stor vekt. Slik situasjonen nå er vil nok ikkje signala der vera anna enn marginale justeringar som skal kompenserast med auka dyrestøtte. Byggekostnadene stig fortsatt, og vil halda fram med det. Dette er eit av dei viktigaste argumenta mot prisnedgang.