Publisert: 08.03.2013 Oppdatert: 30.05.2018

Stikkord:

Lettar på tiltak mot svinepest


Lettar på tiltak mot svinepest

 

EUs faste komité for matvarekjeda og dyrehelse (SCFCAH) vedtok 20.april å lette på tiltak retta mot svinepest i Tyskland. Tiltaka vart innført etter utbrot av svinepest i Nord-Rhin Westphalia. No har situasjonen stabilisert seg. Det har ikkje vore nye utbrot dei siste tre vekene. Dermed har komitéen tilrådd at ein under visse restriksjonar igjen kan transportere griser frå Tyskland til andre medlemsstatar. Dette gjeld berre grisar som ikkje er frå området med utbrot. Grisar frå det ramma området og tilstøytande område kan ikkje flyttast ut av området, og er framleis underlagt restriksjonar, om enn ikkje så strenge som rett etter utbrotet, melder EU-kommisjonen.