Publisert: 20.06.2013 Oppdatert: 30.05.2018

Stikkord:

Korleis bruke 0,2 Feg mindre til slaktegrisen?

Fôrforbruket til slaktegris er for høgt. Mange produsentar får ikkje så god økonomi som dei kunne hatt. Skilnaden på 2,5 og 2,7 FEg per kilo tilvekst er 55 millionar kroner i året.


Korleis bruke 0,2 Feg mindre til slaktegrisen?

Fôrforbruket til slaktegris er for høgt. Mange produsentar får ikkje så god økonomi som dei kunne hatt. Skilnaden på 2,5 og 2,7 FEg per kilo tilvekst er 55 millionar kroner i året.

 

Svinerådgjevar Peder Skåre i Gilde Vest vil ikkje skru av søkjelyset mot problemet med høgt fôrforbruk i slaktegrisproduksjonen. Også tidlegare har han gått ut med desse problemstillingane i Svin. Det same har Hallgeir Sterten i Felleskjøpet Fôrutvikling. Dei peiker på det faktum at tala fra InGris og nøkkeltal fra rekneskapane syner at det ikkje har vore framgang for eigenskapen fôrforbruk dei siste åra. Dette rimer dårleg med den berekna framgangen som avlsavdelinga i Norsvin legg fram.

Avviket mellom faktisk fôrforbruk og avlsmessig potensiale vert med andre ord større og større.

Her er det pengar å hente for enkeltprodusentar.

 

KVIFOR IKKJE?

Spørsmålet vert altså dette; kvifor maktar vi ikkje å få fôrforbruket ned?

– Vi veit for lite om betydningen av dei ulike årsakene. Men eg trur problemet skuldast andre ting enn innhald og struktur i fôret. Helsegrisen har gjeve mindre kliniske sjudomsproblem i slaktegrisbesetningane. Men vi kan ha fått fleire grisehus med overbelegg.

Omfanget av fôrsvinnet er dårleg kartlagt mange plasser, og det kan naturleg nok bety ein del.Ein tredje faktor som kan bety noko er er at vi nå sel mange fleire smågrisar direkte. Det kan gje meir kontinuerlig drift. Kontinuerlig drift kan gje manglande tilpassing, og etter ei stund kan dette verke negativt. Vi treng fleire og betre registreringar og meir kunnskap om verknaden av desse ulike faktorane, seier Skåre.

 

KVA GJER DEI GODE?

Kva kan så gjerast? Kva gjer dei produsentane som lykkast godt i slaktegrisproduksjonen, også når det gjeld fôrforbruk og tilvekst? Svara er interessante;

– Vi ser at dei som får dei beste dekningsbidraga ofte har alt inn og alt ut, altså seksjonert drift. Ofte har dei jamn fordeling mellom purker og kastrater. Fôrsvinnet er minimalt, dei fôrer i tro/har styrt fôring. Fasefôring vert kanskje brukt i perioden mellom 25 og 115 kilo. Gode fôringsautomatar er på plass. Fôring og miljø er tilpassa grisens alder, og det brukes kanskje FTS-bingar (vil ikkje gjelde reine slaktegrisprodusenter) eller SPF-dyr, sa Skåre mellom anna.

Hans oppfordring er at det må settast av ressursar til å jobbe med desse problema framover. Målet bør være å få ned fôrforbruket fra 2,7 FEg til 2,5 FEg i løpet av få år, meiner Skåre.