Publisert: 03.10.2010 Oppdatert: 30.05.2018

Stikkord:

Kan grisen transporterast?

I alle grisehus vil ein av og til sjå dyr med tilstandar som gjer at dei ikkje kan transporterast. Dyret er ikkje transportdyktig. Men kva legg vi eigentleg i omgrepet transportdugleik?

 


Kan grisen transporterast?

I alle grisehus vil ein av og til sjå dyr med tilstandar som gjer at dei ikkje kan transporterast. Dyret er ikkje transportdyktig. Men kva legg vi eigentleg i omgrepet transportdugleik?

 

Artikkelen tek for seg offentlege krav til transportdugleik og tolkar dei i ein praktisk samanheng. Krava er dei same om grisen skal til slakt eller til andre produsentar for avl eller vidare framfôring.

 

Overordna krav

Regelverket for transport av dyr slår fast at “ingen dyr skal transporteres med mindre de er skikket til å tåle den påtenkte reisen, og alle dyr skal transporteres under slike forhold at de ikke kommer til skade eller påføres unødvendig lidelse”. Nøkkelordet er altså ”skikket til transport” eller transportdyktig.

 

Kva er transportdugleik?

Lik menneske kan dyr oppleve reiser som stressande og utmattande. Dei kan oppleve store fysiske påkjenningar, vibrasjonar, temperaturvariasjonar, framande omgjevnader, framande lydar eller blanding med framande dyr. Evna til å takle desse utfordringane kallar vi transportdugleik. Evna til å tole transport er ulik og dyr som ikkje er transportdyktige vil ha dårleg velferd under transporten. Er transporten langvarig må ein legge lista for transportdugleik høgare enn om transporten berre tek nokre få timar. Motsett kan ekstra gode forhold på bilen, som til dømes at dyret står aleine i eit rom med mykje strø, gjera at ein kan senke kravet til transportdugleik utan at det går utover dyrevelferden.

 

Kven avgjer om dyret er transportdyktig?

Transportdugleiken skal vurderast før klargjering for pålessing. Dyr som ikkje er transportdyktige skal ikkje flyttast til utlastingsområdet. Vedkomande som gjer denne vurderinga må vera kompetent og må kjenne dyra slik at ho er i stand til å vurdere kva tilstandar som gjer at dyr ikkje toler transport. Dersom vedkomande er i tvil, kan ein få uttale frå veterinær før transport. Sjølv om det til sjuande og sist er den ansvarlege for transporten, dyrebilsjåføren, som avgjer om dyra er transportdyktige, er produsenten ikkje friteken for ansvaret å gjera ei sjølvstendig vurdering. Det er produsenten som kjenner dyra best og som har sett dei over tid All informasjon som kan vera relevant for velferden til dyra under transport, skal produsenten gje til dyrebilsjåføren.

 

Om tilstandar som innverkar på transportdugleik

Regelverket slår fast at “dyr som er syke eller har fysiologiske skavanker eller gjennomgår en patologisk prosess, skal ikke anses for å være skikket til transport (…)”. Dette inneber at dyra skal vera ved god helse, fri for sjukdomar eller sår som kan påverke velferden deira. Dyra skal kunne gå på alle bein utan smerte. Dyr som er ved god helse toler stress i samband med transport utan unødvendig smerte eller liding. Fysiologiske skavankar kan vera medfødde eller oppstått etter fødsel. Slike tilstandar går ikkje over, men varer til dyret er dør. I griseproduksjonen blir slike dyr oftast avliva før det er aktuelt å transportere dei.

 

Dyr som ikkje kan røre seg utan smerte

Halting skuldast nesten alltid smerte, og hovudregelen er derfor at halte grisar ikkje kan transporterast. Men halting er så mangt og kan variere frå det knapt synlege til at foten ikkje er i bruk i det heile. Gris som kan legge vekt på foten og som går frivillig utan tvang, reknast som transportdyktig sjølv om den har litt urytmisk gange. Ein gris som ikkje legg vekt på foten vil peike med tåa mot underlaget og unngå å belaste heile sålen. Dyr som har halta i lengre tid vil ofte ha mindre muskelsetnad i det vonde beinet.

Gris som fort legg seg ned og som ein derfor må jage opp fleire gonger, er oftast ikkje transportdyktig. Det er derfor ikkje lov å skyve eller dra dyr ombord på transportmidlet. Det er heller ikkje lov å bruke mekaniske innretningar for å få lasta dyra (med unntak av hydraulisk bakløftar). Ein skal også hugse på at dyra aldri blir betre etter transport – i beste fall er tilstanden uendra, og at det på eit moderne slakteri er tidkrevande å handtere dyr med spesielle behov.

 

Dyr med opne sår, brokk eller prolaps

Dyr med alvorlege sår er ikkje transportdyktige. Dyr med sår som er i ferd med å gro, som er lite, ikkje betent eller smertefullt, kan transporterast. Ved endetarms- eller skjedeframfall blir slimhinna eksponert for det ytre miljøet og er dermed utsett for smertefulle skader. Dyr med slike tilstandar kan ikkje transporterast. Dersom framfallet ikkje er synleg når dyret står eller går kan dyret likevel transporterast føresett at det ikkje er smertefullt eller blødande, og at det er beskytta under transport, til dømes ved at dyret står aleine. Navlebrokk er ein vanleg tilstand på slaktegris, og er vanlegvis ikkje til hinder for transport så lenge det ikkje er sår i huda over brokket. Eit brokk med sår vil lett kunne gå hol på og dermed opne inn til tarmane i bukhola. Gris med opne halesår der mesteparten av halen er borte og som omfattar halerota eller ryggsøyle er ikkje transportdyktige.

 

Bogsår

Bogsår kan påverke velferden til ei purke under transport enten ved at skulderleddet er påverka eller ved at sjølve såret er smertefullt. Ei purke med smerter frå skulderleddet går motvillig og står ofte litt skeivt for å avlaste den vonde sida. Men eit alvorleg, ope og kanskje blødande bogsår, kan også vera årsak til at purka ikkje kan transporterast sjølv om ho ikkje haltar. Det finns også døme på at mindre bogsår er årsak til halting – kor mykje purka haltar eller kor mykje ho vegrar seg for å gå avgjer om ho kan transporterast. Purker med bogsår bør derfor vurderast både med omsyn til kor godt dei går og til om om såret er smertefullt i seg sjølv (ope og betent). I vurderinga bør ein også sjå til kva tilhøve den får under transporten. Kan purka stå aleine i eit rom med mykje strø, vil ein kunne transportere purker som elles ikkje er transportdyktige på ein ordinær dyretransport. Ein må derfor ha god kontakt med dyrebilsjåføren for å høyre om dette let seg gjera, eller transportere purka sjølv dersom det er under 50 km. Transport over 50 km krev dyretransportkurs og kompetansebevis. Det er også viktig for velferden til purka at den får særskilt behandling på slakteriet og helst blir slakta så fort som råd.

 

Drektige og nygrisa purker

Purker i den siste tiendelen av drektigheten eller som har født siste veka er ikkje transportdyktige. Dette innber at ei purke ikkje kan transporterast dei siste 12 dagane før grising, og heller ikkje sju dagar etter grising.

Særleg vilkår dersom sjuke eller skadde dyr skal kunne transporterastI særlege tilfelle opnar regelverket for transport av noko sjuke eller skadde dyr. Vurderinga av kva som er “noko sjukt eller skadd” vil ofte vera vanskeleg. Det er særleg tre tilhøve ein må ta med i vurderinga:

• tilstanden skal ha mindre innverknad på dyrets evne til å tole transport• transporten skal ikkje årsake unødvendig liding i større grad enn om dyret ikkje hadde blitt transportert og skal ikkje forverre tilstanden• det blir tilrådd å kontakte veterinær for å få ei uttale om dyret kan transporterast og eventuelt på kva måte som er best

Kvart enkelt tilfelle må vurderast separat og velferden til dyret skal vega tyngst. Det kan vera forsvarleg å transportere dyr over korte avstandar og under tilhøve som er vesentleg betre enn ordinære transportar. Eige rom på køyretøyet og rikeleg med strø vil ofte vera nødvendig for å oppnå dette. Dersom det er tale om transport til slakteri, bør ein avklare dette med tilsynsveterinæren på slakteriet.