Publisert: 05.03.2010 Oppdatert: 30.05.2018

Stikkord:

Influensa A H1N1

 


Influensa A H1N1

 

Haust og influensatid. Det høyrer som regel i hop. Så også i år. Men i år er det ikkje snakk om den vanlege typen, no er det ein ny og meir alvorleg sjukdom. Alvorleg både for folk og gris.

Brått har vi fått ein ny sjukdom inn i dei norske grisehusa. Og det skjedde utruleg raskt. Den andre besetninga der H1N1 viruset vart påvist i, vart nedslakta. Og her må Mattilsynet berømmast for rask og handlekraftig handtering av saka. Det vart eit voldsomt mediatrykk mot desse første som fekk påvist viruset på grisene.

Media mista forholdsvis raskt interessa for smitta svinebesetningar. Og fokuset i dag er på kven som er prioritert og bør prioriterast når det gjeld vaksine. Dette kan vi kanskje vere glade for. Hadde det blitt voldsomt mediafokus på grisen, kunne vi risikert ei svikt i salget av svinekjøtt. Og det er absolutt ikkje noko vi treng no. Men meldingar frå Nortura seier at influensautbrotet ikkje ser ut til å ha påverka salget. Men for næringa er dette uansett alvorleg. I skrivande stund er det påvist smitte i 35 besetningar. Flest i Trøndelag og Rogaland, herav fire avlsbesetningar og Norsvins flaggskip Delta.

Det som gjer denne situasjonen litt vanskeleg å handtere er at dette er eit nytt virus, og ein veit ikkje heilt korleis det vil arte seg i besetningane framover. Men Norsvin har ikkje gjett opp! Målet er framleis å klare å bekjempe H1N1 på norsk gris, og få kontoll over situasjonen. Vi kan tenkje på verdiane i Norsvins styringspyramide som blant anna seier vi skal vere modige og ambisiøse.

Så må vi svineprodusentar fortsette å gjere alt vi kan for å unngå å få viruset inn i vårt eige grisehus. Og her er det ifølge Norsvins «helseminister» Peer Ola Hofmo tre punkt som gjeld: 1.Ikkje gå inn i grisehuset dersom du er sjuk. 2.Ikkje gå inn i grisehuset dersom du er sjuk. 3.Ikkje gå inn i grisehuset dersom du er sjuk. Har vi med oss dette, i tillegg til desinfeksjonssprit og munnbind,og tanken om at all forkjølelse og influensasymtom i utgangspuktet må handterast som svineinfluensa i forhold til grisen, er det mogeleg å få kontroll på situasjonen. Gjer alle ein god jobb her mens vi ventar på vaksina, kan dette gå bra. Ha ein fortsatt god og frisk haust.