Publisert: 21.03.2013 Oppdatert: 30.05.2018

Stikkord:

– Høgtrykkskjøling mest interessant for meg


– Høgtrykkskjøling mest interessant for meg

 

– Kva var mest interessant for deg på Agromek?

– Det var nok utan tvil anlegget for høgtrykkskjøling, eit system som kan senke romtemperaturen med 4–6 grader på varme dager. Det består av høgtrykkspumpe, røyrgate og dysar som tilfører rommet forstøvande vatnpartikler. Det kan og brukes til oppbløyting før vask, seier slaktegrisprodusent Elling Braut jr. fra Klepp i Rogaland.

– Fant du mykje som var nytt for deg som slaktegrisprodusent ?

– Eg ser at produkta stadig er i utvikling, og at dei vert betre og enklare heile tida. Mellom anna hadde Big Dutchman, som eg har, ein ny fôringsventil med enklare skift av membran og lengre levetid på membranen. Eit anna nytt og interessant produkt var eit halebiterfôr for strøing i garden ved begynnende halebiting.

– Du har nyleg bygd deg heilt nytt hus sjøl. Kva faglege utfordringar har vore størst for deg som forholdsvis ny slaktegrisprodusent?

– Eg har hatt ein del trøbbel med føttene på grisen. Nokre av dei byrjar halte på ein fot. Dei fleste vert bra etter ein penicillinkur. Desse problema kan dukke opp ei veke etter mottak og heilt fram til slakting, og det er ikkje lett å finne ein klar årsak.

– Traff du kolleger/utstillere/andre personer på Agromek som ga deg ny verdifull informasjon?

– Ja, det er veldig kjekt å treffe andre, særleg å snakke og diskutere med utstillarane. Dei kan kome med ny informasjon som ein kanskje ikkje har høyrt om før, sier Elling Braut jr.