Publisert: 06.06.2013 Oppdatert: 30.05.2018

Stikkord:

Historisk satsing på gris i Møre og Romsdal

Etableringa av Rypdal purkering vil bli ei vesentlig satsing for svinemiljøet i Møre og Romsdal. Ansvarleg eigar og drivar for navet i Rypdal purkering, Edvin og Solveig Lindset er ikkje i tvil om det.


Historisk satsing på gris i Møre og Romsdal

Etableringa av Rypdal purkering vil bli ei vesentlig satsing for svinemiljøet i Møre og Romsdal. Ansvarleg eigar og drivar for navet i Rypdal purkering, Edvin og Solveig Lindset er ikkje i tvil om det.

 

Dei overlèt no garden i Tresfjord med foredling- og formeiringsbesetning til sonen, Per Helge, for å omorganisere arbeids- og eigartilhøva til den nye situasjonen. Anlegget, kostnadsrekna til om lag 12 mill., skal leggast på fråskild tomt i god avstand, knapt ein km frå den etablerte drifta. Utgangspunktet er konsesjonsgrensa på 450 dyr. Kvar 14. dag blir om lag 80 dyr køyrd ut til dei 14 satellittane i Møre og Romsdal som har skrive kontrakt med navet.

 

MANGE TANKAR

Hjå Edvin og Solveig Lindset har det vore svineproduksjon sidan 1987, då dei avvikla mjølkeproduksjonen og satsa på grisen. I dag fordeler drifta seg på livdyrsalg i tillegg til nabolevering av smågris og slaktegris. Heimgarden og nabogarden, som Per Helge eig, utgjer samdrifta Rypdal Gard. Ei kjøtfebesetning med Hereford er også ein del av drifta.

Det å finne fram til den beste organisasjonsforma for navet har vore ei stor utfordring, må Edvin medgå.

– Faren opp i det heile er at ein kjem i skade for å overkøyre dei ein har rundt seg, difor var det naudsynleg å stoppe opp og ta ei runde kvar med seg for å finne ut kva ein ville. Og, legg Edvin til, det positive me har hatt i familien av å kunne ha arbeidd i lag skal ikkje øydeleggast av det nye som kjem til. Rypdal Gard var tenkt drive som samdrift i tida framover. Ansvaret Per Helge no får blir vesentleg større, noko som ikkje er berre lett for ein ungdom å sjå konsekvensane av med ein gong.

 

NAVET EIT AS

Ei fornuftig organisering av navet arbeidsmessig blir difor viktig. Navet blir drive som eit A/S med Edvin og Solveig som aksjonærar. Ein fast tilsett og to i halv stilling utgjer arbeidsstokken. Den fast tilsatte blir driftsansvarleg, medan Edvin Lindset og Bjarne Nerheim, som er med i prosjektgruppa for navet og har hatt eigen produksjon, blir engasjert i 50 % stilling kvar. Driftsansvarleg blir ein sentral aktør i drifta, og finn det difor naturleg å satse på ei form for motivasjonslønn der resultatet vil påverke eigen innsats.

– Det er ikkje aktuelt å binde all tid opp mot sjølve drifta av purkeringen. Eg og kona vil bruke vesentleg tid med å hjelpe til heime hjå sonen Per Helge, seier Edvin og legg til at det er her fundamentet blir lagt for god tilgong av livdyr. Livdyrkundane blir å finne som satellittar, slik blir forpliktingane fylgt opp via navet.

WTO har vore sterkt framme desse dagar. Edvin medgår at det er ikkje akkurat her han hentar krefter til å satse framover. Om alternativet er å gi seg over, er nok ikkje dette eit alternativ for ein 50- åring som har vore med på opp- og nedturar før.

 

TRANSPONDER OG STØRRE GRUPPER

Ei dansk husløysing er på det meste ferdig utgreidd. Ytre mål på 29 x 85 meter gir mest 2,5 dekar grunnflate. Val av innreiingsløysing fall på ei transponderdrift med drenerande golv og inseminasjonsbåsar. Drenerande golv med underliggande skraper gjer det mogleg med eit system for separering av gjødsla.

Bedekningsavdelinga har totalt 96 fangbåsar som fungerer som bedekningsstad der rånen kan presentere seg for fleire purker i gongen, og slik få ei effektiv avsløring av brunst. Både i bedeknings- og drektigheitsavdelinga vil dyra gå i større flokkar. Transpondersystemet skal vere med å styre fôring og slusing av dyr rundt i systemet. Innslusing av større grupper vil motverke uro og mobbing, trur Edvin. Antall fôrstasjonar blir tilpassa det antall dyr transpondersystemet taklar. Purkene blir etter fòring slusa vekk frå fôrautomaten, slik at ikkje dei same dyra skal gå igjen og ta opp plass for dei andre. Ei forbetring frå tidlegare transponderløysingar, hevder Edvin, som var skeptisk etter eigne dårlege røynsler med transponder frå før.

Ei kostnadskalkyle på om lag 12 mill. vil inkludere bygg, utstyr og livdyr. Her ligg også tal inne for eigeninnsats/eigenkapital. Finansieringsbistand er retta mot lokale bankar og Innovasjon Norge med dei låne- og tilskotsordninger som måtte finnast. Gilde BS er også inne med finansiering av avlsdyr i oppstarten.

 

DRIFT

Ein dato for oppstart er det vanskeleg å sette, meiner Edvin Lindset. Mangt er avhengig av handsamingstida i dei ulike organ som er inne i bilete for å få alle formaliteter på plass. Å skøyte over garden til junior, oppretting av driftsselskap, og frådeling av tomt skal gjerast på ein skikkeleg måte. Det er likevel ikkje umogleg at den spede start kan finne stad ut på hausten eller over på nyåret for den nye driftsbygninga.

Det er ikkje råd å starte opp med fullt dyretal med ein gong. Ein plan for igangsetting blir viktig å få på plass. I normalt gjenge vil det bli utkøyring kvar 14 dag. Om lag 80 dyr i pulja skal ut til fleire satellittar. Det er lagt ned mykje arbeid for å få til ein så god logistikk som mogleg med tanke på transport. Mest mogleg retur av avvende purker frå satellitt på same tur gjer transporten meir rasjonell. Satellittane blir spreidd over mest heile fylket. Tresfjord med si sentrale plassering i fylket gjer transporten noko lettare enn det elles kunne ha vore. Fleire slaktegrisprodusentar har gitt signal om at dei kan tenkje seg å bygge nytt, mot konsesjonsgrensa på 2100 slaktegriseininger. Navet har kontakt med fleire reservar både av satellittar og framfôringsbesetninger. Det er viktig at det er flyt i produksjonsledda heilt fram til ferdig slaktegris.

 

FAGTURAR

Fleire turar til andre ringar og husprodusentar har det blitt saman med satellitt og slaktegrisprodusentar. Ein viktig faktor har vore å skape god kjemi mellom dei ulike aktørar i purkeringen, dette etter råd frå mange av dei som har starta opp tidlegare. Dette vil også i tida framover bli hovudsatsinga i arbeidet. Tett samarbeid byr på ulike utfordringar. Difor er openheit og kunnskap/informasjon veldig viktig.

Val av gode husløysingar er også sjølvsagt viktig. Dette blir investeringar å leve med i lang tid framover. Effektivitet, smittebeskyttelse og kostnader blir sentrale omgrep å finne gode svar på. Her kjem andre sine erfaringar og kunnskapar godt med.

Ulike måtar å drive samarbeid på tek om seg i jordbruket her til lands. Dei ulike produksjonane finn sine løysingar som høver best. Purkeringar har fått ei auka interesse når ein ser at dette ikkje er ei form for industridrift, men meir ein måte å skape samhald og berekraftig produksjon på, også for dei mindre einingane.