Publisert: 06.12.2012 Oppdatert: 30.05.2018

Stikkord:

– Historielaust å fjerne målprisane

Leiaren i Omsetningsrådet, Ottar Befring, åtvarer mot fjerning av målprisane, sjølv om dei vert sett på som eit hinder for at bonden kan få auka inntektene sine.


- Historielaust å fjerne målprisane

Leiaren i Omsetningsrådet, Ottar Befring, åtvarer mot fjerning av målprisane, sjølv om dei vert sett på som eit hinder for at bonden kan få auka inntektene sine.

 

I den ferske årsmeldinga til Omsetningsrådet skriv Befring mellom anna dette;

”I løpet av det siste året har vi sett store endringar i matvaremarknadene globalt, og prisane på mat har auka kraftig på verdsmarknaden. Så langt er prisane på mat her heime ikkje påverka av dette i vesentleg grad. Det skuldast mellom anna vårt system med målprisar som i realiteten set eit pristak på dei varene vi produserer i Norge. No er det ein del som tek til orde for å fjerne målprisane fordi dei, i den situasjonen vi er oppe i, blir sett på som eit hinder for at bonden kan få auka inntektene sine. Det er grunn til å minne om at utan målprisar kan vi ikkje videreføre marknadsreguleringa slik vi kjenner den. Dette systemet har vore tenleg for den norske bonden i lang tid, og eg vil åtvare mot å kvitte oss med ordninga fordi om den på kort sikt kan synest å vere ein hemsko. Den matvaresituasjonen verda opplever i dag var det ingen som trudde på om vi berre går eit år tilbake. Det vil vere historielaust å fjerne ei viktig landbrukspolitisk ordning ut frå eit så kortsiktig perspektiv, skriv Ottar Befring.

– Kan bli overskot

Og om svinemarknaden framover skriv han mellom anna dette;

”For 2008 er det venta at svineprodusentane vil auke sin produksjon og at behovet for import vil bli lite. Det er gledeleg at norske bønder no utnyttar moglegheitene som ligg i auka etterspørsel. Eg finn likevel grunn til å minne om at svinemarknaden kan svinge raskt. Når optimismen i næringa aukar, kan vi lett hamne i ein ny overskotssituasjon. La oss håpe at vi kan unngå det denne gongen, og at det framover blir mogleg å ta ut dei prisane som er avtalt i jordbruksavtalen (målprisen), og å halde nede kostnadane til marknadsregulering”.

– For sterke virkemiddel

2007 var eit uvanleg år for Omsetninsgrådet. Etter mange år med overskot i dei fleste produksjonane, ga salsauken på seks prosent tomme reguleringslagre og import av kjøt og egg.

”Ved inngangen til 2007 varsla prognosane frå Nortura at vi ville få eit stort overskot av svinekjøt. Omsetningsrådet valde då å videreføre tiltaket med å gje kompensasjon for slakting av lette grisar. I tillegg vart det løyvd ekstra midlar til Opplysningskontoret for kjøtt med tanke på å setje inn ekstra marknadsføringsinnsats. Dette, saman med ytterligare planlagde tiltak, gjorde at omsetningsavgifta på svinekjøt måtte settast høgt. I tillegg senka Nortura engrosprisen for svinekjøt relativt mykje. Alt dette vart gjort for å hindre at det overskotet som prognosane varsla om skulle bli ein realitet. Fram mot våren såg vi at prognosane ikkje slo til. I staden for overskot fekk vi etterkvart underskot av svinekjøt. Prognosane hadde ikkje fanga opp den store auken i etterspørselen som var på heile seks prosent i 2007. Omsetningsrådet og Nortura sette dermed inn for sterke virkemiddel. Hendinga har vist kor avgjerande gode prognosar er i marknadsreguleringa. Nortura har i ettertid teke fleire grep for å auke kvaliteten i prognosearbeidet, heiter det i Omsetningsrådet si årsmelding.