Publisert: 22.03.2023 Oppdatert: 22.03.2023

Stikkord:

– ein statusrapport frå prosjektet Små-i-Ro

Helse på smågris i Rogaland

I prosjektet Små-i-Ro er målet å betre helsa på smågrisen i Rogaland. Eit av tiltaka er å kartlegge førekomsten av APP-bakterien i purkebesetningane. APP gjev luftvegssjukdom og viser seg på slakta som brysthinne- og hjartesekkbetennelse. Vi presenterer her resultata etter fyrste året av prosjektet. 


Svin nr. 2 – 2023.

 

Inge Midtveit, Spesialveterinær, prosjekt­leiar Animalia

 

Kva er undersøkt i år?
Prosjektet ville undersøkje samanhengen mellom den utvida sjukdomskontrollen (USR) i kjøtkontrollen på brysthinne- og hjartesekkbetennelse i slaktegrisbesetningen og førekomsten av APP i purkene hjå smågrisleverandøren. I dag kjenner vi 19 forskjellige APP-serotypar i verda. Dei ulike serotypane skapar ulike problem for grisane rundt om i verda. I Noreg kjenner vi i hovudsak til at ­serotype 8 er orsak til sjukdomsutbrot.

Dei 20 slaktegrisbesetningane med høvesvis mest og minst merknader av hjartesekk- og brysthinnebetennelse på slakteskrottane for kvart av slakteria (Nortura Sandeid, Nortura Forus, Fatland Jæren, Fatland Ølen og Prima) blei identifiserte. Desse slaktegrisbesetningane sine smågrisleverandørar har vi så undersøkt for APP ved å samle blod ved slakting av purker. 

Resultat
Det er teke 581 blodprøver frå 29 purkebesetningar i Rogaland. Resultata viser at nær alle er gjennominfiserte med bakterien (Fig. 1). I Små-i-Ro er det brukt ei analyse som ikkje skil mellom serotype 3, 6 eller 8. Då veit vi at besetningane har ein av dei tre serotypane. Andre serotypar er ikkje kjende ved sjukdomsutbrot i Noreg. Når vi koplar førekomst av USR i slaktegrisbesetninga og APP hjå smågrisleverandøren, så ser vi at det er stor variasjon i førekomsten av hjartesekk- og brysthinnebetennelse mellom slaktegrisbesetningar med same smågrisleverandør. Dette viser at ein kan få friskare slaktegris ved å forbetre miljø og stell  i slaktegrisbesetningane med det smågrismaterialet ein har i dag. 

Vidare arbeid i prosjektet
Det er mykje vi ikkje veit om utbreiinga av APP-bakterien og kva typar ein finn ved sjukdomsutbrot. Prosjektet vil difor arbeide vidare med å identifisere nærare kva type APP-bakterie ein finn i besetningar med akutt sjukdom. Dette gjer vi ved å ta ut lungeprøver frå sjuk slaktegris og sende til bakteriedyrking ved Veterinær­instituttet. Desse bakteriane blir så gensekvenserte for å sjå kva type det er. Særleg interessant blir det å sjå førekomsten av blandingsinfeksjonar med ulike APP-typar. 

Har du utbrot av luftvegssjukdom i slaktegrisfjøset?
For at vi skal få betre kjennskap til kva type APP som skapar problem, er vi avhengige av at slaktegrisprodusentar i Rogaland melder frå dersom dei får eit utbrot av luftvegssjukdom i fjøset. Prosjektet vil betale for uttak og analyse av lunger frå sjuke grisar. Ta kontakt med slakteriet. Slakteriet vil så organisere prøveuttak.