Publisert: 12.04.2013 Oppdatert: 30.05.2018

Stikkord:

– Grisen gjev livsgrunnlag til garden

Garden i Valldal var ein typisk vestlandsgard med sau, storfe og nokre purker, alt i liten skala. Men purkeringen i Møre og Romsdal opna nye dører for vestlandsgarden. No vert dei tekne i bruk.


– Grisen gjev livsgrunnlag til garden

Garden i Valldal var ein typisk vestlandsgard med sau, storfe og nokre purker, alt i liten skala. Men purkeringen i Møre og Romsdal opna nye dører for vestlandsgarden. No vert dei tekne i bruk.

 

– Ja, vi driv produksjon av kjøt på sau og storfe, og har 15 purker i smågrisproduksjon i dag. Det er for lite å leve av. Da vi høyrde at slakteriet hadde planar om purkering her i distriktet vart vi straks interessert. Tanken på å byggje ut og satse som satellitt i purkeringen låg heile tida bak i hovudet før vi nyleg tok over heimgarden til Geir Arne, seier Linda.

 

TØFFE TAK

Dei to, Linda Gjerde (30) og Geir Arne Myren (31), står no i arbeid til knes for å få bygd det nye grisehuset. Dei leiar sjølve byggeprosessen, og det er krevjande. Det kan være slitsomt å få alle underleveranser på plass til rett tid. Ikkje alle er like flinke til å halde fristane. Men det er lagt inn litt slakk i planlegginga, og så langt har det meste gått etter planen. Budsjettet på 4,6 millionar kroner ser også ut til å halde. I denne summen er alle kostnadane med å få i gang den nye satellittbesetninga tekne med.

Været har vore litt opp og ned i byggeperioden, mykje ned. Det var bra vær da grunnarbeida vart gjort, men snekkarane som jobba på taket måtte tåle tre veker med samanhengande regn. Eigeninnsatsen var særleg stor på grunnarbeida. Det vart gjort ein stor jobb med å sikre god byggegrunn. 3000 kubikkmeter elvemassar er lagt i botn for å få rett og god grunn. Uttak av elvemassar var også eit godt bidrag til betre sikring mot flaumskader. For to år sidan, i det kraftige augustregnværet, vart det store skader på åker og eng.

 

HAR 15 PURKER NO

Geir Arne er vant til å stelle gris fra før. I det gamle grisehuset går det frammleis 15 purkar. Dei er heller ikkje heilt alene om å stelle gris i Valldal, så dei har nokre kollegar i nærmiljøet. To besetningar i bygda, sin eigen medrekna, skal være satellittar i purkeringen. Navet i Rypdal purkering, som ringen heiter, ligg 8– 9 mil nordvest i Tresfjord.

 

FTS LIGHT

Geir Arne og Linda bygger eit FTS-light-hus med tre identiske avdelingar. Avdelingane går langsetter heile huset, og dei vert støtta av to innvendige bæreveggar. Dette er gjort for å redusere gangarealet.

Huset, som er 36×25 meter, vert etter dette omlag 900 kvadratmeter. I den eine tverrveggen er det servicerom, med plass til strørom, sluse, dusj/wc, kontor og fôrrom.

Innover ligg dei tre FTS-avdelingane. Ei avdeling har to rekker á 12 binger. Det er gang i midten, og smågrishjørna ligg i front inn mot midtgangen. Ute ved veggen ligg det gjødselareal på begge sider. Innredninga er levert av Simia, og ho er i betong. Bingane er 2,40 x 3,60 meter. Her er det plass til å fôre fram åtte slaktegrisar. Grisungar som dei ikkje får plass til sjølve vil verte solgt som livdyr gjennom slakteriet. Purkeringen har også reine slaktegrisprodusentar knytta til seg.

 

BYGGER STØRST

Etter navet, er grisehuset til Linda og Geir Arne det største nybygget i ringen. Dei får drektige purker kvar åttande veke. Eit utlastingsrom fungerar som buffer. Med 24 vekers intervall skal grisane ut av huset.

Huset har vakaumutgjødsling og utvendig gjødselkum, samt våtfôring med vatn, kraftfôr og myse som dei viktigaste ingrediensane.

Frisklufta tas inn oppunder taket på langveggane til huset, og frisklufta sig ned gjennom det diffuse taket.

Dei vonar å få innn nokre slaktegrisar allerede før jul for å lette likviditeten, men dei første drektige purkene kjem ikkje til gards før 17. februar.

Men tida dit går fort, og det er mykje som skal på plass.