Publisert: 04.10.2010 Oppdatert: 30.05.2018

Stikkord:

Grisebonden og kvardagshelten Ivar Nimme

 


Grisebonden og kvardagshelten Ivar Nimme

 

Arne Hjeltnes har dikta opp grisebonden, ungkaren og kvardagshelten Ivar Nimme. Ivar kjenner ansvar for dyra og stolt av produksjonen sin. Det siste han kan tenkje seg er at dei skal ende opp som sommarkoteletter til kr. 29.90. Derfor går han sine eigne vegar når det gjeld omsetnad av produkta frå garden, noko som korkje mattilsyn, likningsvesen, lensmann eller andre etatar set pris på. Boka er ein ellevill fabel om den vesle mannens kamp mot maktmiljø utan ansikt. Motstandaren er eit obskurt frimuraraktig miljø som kjempar for sterk offentlig sektor, med fylkeskommunen som grunnvoll.Intrigen i romanen startar frå første setning då Ivar har kommuneveterinæren på garden. Derifrå og heilt til slutt er det full fart med ein handling som utvikler seg langt utover det normale forløpet når ein legg seg ut med overmakta. Arne Hjeltnes er ein stor humorist, og han sviktar ikkje denne gongen heller. Han er på trygg grunn når han skildrer livet på bygda på vestlandet. I kjend og stødig stil skildrer han kulturen, situasjonane og persongalleriet me alle kjenner att frå bygdenoreg. Boka er på 240 sider, den er lettlest og morsom. Dette er ikkje ei bok som dyrker bygdetristessen, sjølv om den også er til stades. Det er befriande å lese ein burlesk bygderoman som skildrer den vesle mannens kamp mot etatane med humor og uventa kast i handlinga. Kan hende ein julegaveidé frå ein svineprodusent til ein som treng eit humorinnslag i kvardagen?

Bjarne Jacob Trodahl

Tittel: Ivar NimmeForfattar: Arne HjeltnesKagge forlagKr. 339. Innbunden