Publisert: 01.01.2017 Oppdatert: 30.05.2018

Stikkord:

Godt nøgd med 11 vekers puljedrift

Gaute Halleland har skifta frå 5,5 til 11 vekers puljedrift.- Eg sleit med å få fram slaktegrisar som var tyngre enn 70 kilo i gjennomsnitt. Nå går det mykje betre, synest han.


Godt nøgd med 11 vekers puljedrift

Gaute Halleland har skifta frå 5,5 til 11 vekers puljedrift.- Eg sleit med å få fram slaktegrisar som var tyngre enn 70 kilo i gjennomsnitt. Nå går det mykje betre, synest han.

Halleland bygde nytt grisehus i 2001. I fødebingane går grisungane att til dei vert 30 kilo. Purkene går lause heile tida, og dei forsvinn ut av bingen etter fem veker når grisungane blir verande.

– Eg tykte at 5,5 vekers drift var eit rotterace. Eg sleit med å få snittvektar over 70 kilo på slaktegrisen. Nå kan eg sleppe purkane over tre veker og få eit driftsopplegg som er meir fleksibelt i forhold til større vekter på slaktegrisen. Føde- og smågrisavdelinga som vart bygd i 2001 var bra, men slaktegrishusa var ombygde gamle kufjøs i fleire atskilte hus. Resultatet i slaktegrisproduksjonen vart ikkje godt nok. Tilveksten per dag var OK, men det vart for få dagar. Og det er jo dumt når ein kan ha vekter opp til 85 kilo. Så eg byrja å sleppe suggene over, slik at smågrisane fekk betre tid i smågrisavdelinga. Dei vart to-tre kilo tyngre der før dei vart flytt til slaktegrishuset. Dessutan vart det lengre tid i slaktegrisavdelinga. Eg har i alle fall 10 kilo tyngre slaktegrisar no enn det eg hadde. I tillegg får eg mange fleire grisungar.  Det er nok ikkje mange som driv slik som eg, men hvis betre resultat og meir fritid betyr noko for folk så er det verdt å vurdere. Eg tykkjer og at førstekullspurkane står betre i brunst andre gongen med dette driftsopplegget. Eg sleit med brunsten hos førstekullspurkene. Dei hadde nok brunst, men dei viste det ikkje så godt. Dei får ofte bank av dei eldre, og da er det ikkje så lett å sjå brunsten. Når dei går tre veker til i flokken legg dei på seg og står betre i brunst. Det  er i hvert fall erfaringa mi. Dessutan er det jo ganske enkelt å gå attende til 5,5 vekers om ein skulle ønske det, seier Gaute.

Han kjøper bedekningsklare ungpurker. Eit driftsopplegg på 11 uker er også ganske intensivt ved at ein legg saman to og to puljar. Skilnaden på 11 og 5,5 er eigentleg ikkje stor. Ein slår saman to puljer i staden for fire. Har du 5,5 vekers drift kan du ikkje sleppe dei over.

– Men bevares, hvis du er flink, har eit nytt hus og alt fungerer som det skal, så er sjølsagt dette eit effektivt driftsopplegg. Eg må jo berre innrømme at ambisjonsnivået mitt er litt lågare no enn da eg bygde. Nå er det ungar, fotball, svømming, sauesjukdom og mykje anna som krev tida si tid, seier Gaute Halleland.