Publisert: 04.12.2012 Oppdatert: 30.05.2018

Stikkord:

Glad for betre ferieavløysing


Glad for betre ferieavløysing

 

Norske Landbrukstenester (NLT) seier seg glad for at utviklinga med auka tilskot held fram. Til dømes er tilskotet til sjukdomsavløysing auka frå kr. 750,00 til kr. 1130,00 dei siste tre åra.

NLT får stadig tilbakemeldingar om kor viktig gode velferdsordningar er. Ikkje minst gjeld dette for tilskot til ferie/fritid for unge bønder. Skal vi få ungdom til å overta garden, må gode ordningar vera på plass, slik at også bonden kan få ferie og fritid som andre yrkesgrupper.

Frå 1. januar 2008 overtok avløysarlaga ansvaret for Landbruksvikarordninga. Dette er ei stor utfordring for laga. Både staten og faglaga har vore gode og aktive medspelarar i denne første fasen. 2008 er eit overgangsår; frå 1.1.2009 skal dette vera på plass.

Mange lag har no overteke dei kommunale avløysarane, men NLT ser heilt klart at i ein stram arbeidsmarknad er det ikkje lett å få tak i kvalifiserte folk.

Utviklinga går mot større einingar hos medlemmene i NLT.