Publisert: 14.02.2013 Oppdatert: 30.05.2018

Stikkord:

Fritt griseliv i Stillehavsparadiset

Samoa er eit stillehavsparadis med gjestfrie og glade folk, tropisk klima, kvite sandstrender og veivande palmar. Kva er vel meir naturleg enn at dette paradiset er fullt av grisar?


Fritt griseliv i Stillehavsparadiset

Samoa er eit stillehavsparadis med gjestfrie og glade folk, tropisk klima, kvite sandstrender og veivande palmar. Kva er vel meir naturleg enn at dette paradiset er fullt av grisar?

 

Når ein kjører rundt øyane og gjennom landsbyar ser ein masse lause grisar. Dei fleste grisane går fritt, men det er også inngjerda farmar, samt «strandgrisar».

Besøkande som kjem ut av flydøra på eksotiske Samoa i Stillehavet, blir møtt av varm tropisk luft og utsyn til veivande palmar. Her er ingen «gate» som fører inn til ankomsthallen, og inni terminalen ein blir gjerne møtt av ei songgruppe som spelar ukule og syng fleirstemt glad stillehavsmusikk. Det var med litt spenning eg kom tilbake til Samoa i september i år. Under siste besøk (juli 2000) planta eg to små kokospalmar ved familien til kona sitt hus i landsbyen Utualii. Ville palmane være store no, eller hadde dei blitt øydelagt av grisane?

 

Grisar var med når nye øyar blei busette i Stillehavsområdet

Det er ulike teoriar om korleis Stillehavsøyane har blitt busette. I dei fleste historiebøkene blir det vist til spor som viser at stamfedrane til polynesiarane har reist i båtar frå Kina, Taiwan og Filipinane, og vidare sørover til ulike Stillehavsøyar trinn for trinn. Det er ikkje sikkert at Tor Heyerdahl hadde rett i sine teoriar om utvandring frå Sør-Amerika. Arkeologiske funn og utgravingar gir teikn på reiseruter sørover frå Asia til Papua Ny Guinea, og vidare til Vanuatu, Fiji, Salomonøyane, Fiji, Tonga og Samoa. Folka må ha vore godt utrusta på sjøferdene, og hadde med seg utstyr og husdyr for busetting på nye øyar. Utgravingar viser at folket har hatt hundar, fjørfe og grisar. Historikarar trur at Samoa vart busette for ca 700 år f. Kristus, så det er ei 2700 år gammal historie der grisen var med frå starten.

 

Storfehald kan vera økonomisk risikabelt

Det er også storfe der, men storfe passar ikkje så godt med kulturen, landskap og leveforhold i Stillehavsområdet. Storfe gir store slakt som må brukast opp raskt på tropiske øya der fryseboksar og kjøleskap ikkje fins i alle hushald. For ein del år sidan var det folk på ulike stillehavsøyer som blei oppfordra til å starte med storfe. Dei sette seg i gjeld ved innkjøp av livdyr. Mange blei ruinerte då slektningar kravde storfekjøt til sosiale hendingar. Storfe er også som kjent ikkje så fruktbare som grisar. Men i ein del landsbyar har dei bra med beiteareal, og har fått storfehald til å fungera. Elles er det mykje fjørfe, og mang ein turist reagerer på å bli vekt tidleg om morgonen av galande hanar. Då er øyrepluggar greitt å ha.

 

Dei fleste grisar har eit fritt liv på Samoa

I mange landsbyar ser ein grisar som går fritt. Dei veit kvar dei høyrer heime, og blir fôra med kvit kokosmasse frå ferske kokosnøtter to gonger daglig. Det tar tid å samla føda sidan nokon må klatra opp i kokospalmar som kan vera 10–30 meter høge for å henta fôrmiddelet. Så må ein fjerne det trevla ytterlaget, kløyve nøttene, og ta ut den stive kvite kokosmassen. Grisane som går og beitar fritt i landsbyane, er mest aktive om kvelden og tidleg om morgonen. Ein kan og treffa grisar langs vegane om nettene. I nokre landsbyar er det no forbod mot å ha grisane fritt, fordi dei rotar og grev opp så mykje, og dei gjerne øydelegg naboen sitt blomebedd. Der har dei laga inngjerda farmar med opptil 5–10 purker, rånar og avkom. Elles såg eg ein plass der folk budde nær ein vei med mykje trafikk, at dei hadde grisar i trekassar attmed stranda. Så dei må vel kallast «strandgrisar ». På det viset unngjekk dei at grisane skulle bli kjørt i hel av bilar.

Sjølv om grisane går fritt, bør du ikkje bli freista til å stela gris. Slikt blir hardt slått ned på, og kanskje vil heile familien din bli straffa av høvdingane.

 

Landbruksinstituttet, Alafua

I Apia på Samoa ligg landbruksinstituttet, Alafua, som høyrer til Universitetet for det Sørlige Stillehav (The University of the South Pacific, USP) med hovudbase på Fiji. Eg blei vist rundt på husdyrfarmen av veterinær Mose Mouto’atasi, utdanna på stipend frå Samoa. På grisefarmen på Alafua har dei ei fødeavdeling og ei avdeling for avvent gris og livdyr. Bygningen har betonggolv og bølgjeblikk til tak. Bingeskilla er laga av betong, og er ca ein meter høge. Grisane ligg rett på betongen utan strø, og har ikkje tilgang til uteareal. Fôret består av matavfall, gras, kvit kokosmasse, mask frå produksjon av øl, og kokt fiskemjøl. I tillegg tilset dei ein premix som inneheld protein (blant anna aminosyra lysin), mineral og vitamin. Grisane her blir para på naturleg vis. Det er knappe økonomiske ressursar på universitetet, så dei manglar pengar til moderne utstyr og fleire forsøk. Eit forsøk som dei har gåande er å samanlikne tilvekst mellom avvente småpurker, kastrerte hannar og ukastrerte hannar.

 

Innkryssing av nye rasar og gratis veterinærteneste

På Alafua har dei grisar av rasane duroc, landsvin, hampshire og lokale rasar som liknar på asiatiske hengebuksvin. Dei driv kryssing mellom dei ulike rasane. Grisungane blir kastrerte utan bedøving. Dyr som dei ikkje treng sjølv, er til sals som livdyr eller til slakt. Studentane lærer å jobba praktisk med dyra. Instituttet arrangerer også praktiske kurs i svinehald for bønder.

Dei tar cirka 200 kroner for smågris som livdyr (åtte veker gamle). Slaktedyr er det bra pris på, 1500 kroner for purker, og 2000 kroner for rånar. Prisane i landsbyane er lågare, og livet der er meir basert på at ein gjer tenester for kvarandre. Folk er gåvmilde og deler med einannan.

Landbruksdepartementet på Samoa tilbyr gratis veterinærteneste for grisebønder. Vanlige sjukdommar og plager er grisingsfeber, mykoplasma, skabb, og innvendige parasittar. Dei brukar ikkje å vaksinera grisane, og i følgje Mose Mouto’atasi har dei ikkje problem med parvo. Grisane på Samoa er mykje mindre enn dei me har i Norge. Årsaker til det kan væra innvendige parasittar, mindre næringsrikt fôr og raseval.

 

Tur til Samoa vil vera ei oppleving for livet

Folk er gjestfrie og hyggelige på Samoa. Folk smiler, helsar og slår av ein prat. I staden for å spørja kva du jobbar med, spør dei heller om korleis det står til i familien din. Dersom ein har sju vekers puljedrift skulle det vera mulig å ta seg ein tur til Samoa. Eg kan lova ei oppleving for livet der. Ei god tid å vitja Samoa på er fyrste veka i september, då den årlige song og dansefestivalen Teuila blir arrangert. Det er ein muligheit til å sjå ekte stillehavskultur ei heil veke til ende. Korleis det gjekk med palmane eg planta i 2000? Ja, eine palmen har blitt bra stor, den andre blei øydelagt av lause grisar.

 

Fakta om Samoa:

Stillehavsnasjonen Samoa ligg omtrent så langt ein kan kome ifrå Norge, ca 20 000 km. Samoa ligg i det sørlige Stillehavet, eit par tusen kilometer sør for ekvator. Hawaii, Tahiti, Tonga, Cook Islands, New Zealand, og Samoa ligg i det me kallar Polynesia, og folket og språk er i slekt, sjølv om avstandane er store. Samoa består av to større og åtte mindre øyer, og har cirka 175 000 innbyggarar. Amerikansk Samoa er ei tredje øygruppe, men den høyrer under USA.

Samoa har vore busett i meir enn 3000 år, og øyane er rekna for å vera Stillehavskulturen sin fødestad. Folket har sannsynligvis kome sjøvegen frå Sør-Aust Asia, sjølv om Tor Heyerdahl meinte noko anna. Samoa blei sjølvstendig i 1962, og landet har eit demokratisk parlament, regjering, og ein president. Familiane og landsbyane held saman, og høvdingar styrer landsbyane.

Nyttig internettadresse: www.visitsamoa.ws