Publisert: 28.06.2013 Oppdatert: 30.05.2018

Stikkord:

Framtidsretta svineproduksjon

Det er i dag store skilnader på byggekostnader. På store prosjekt er stor eigeninnsats mindre aktuelt. På bygg tilnærma konsesjonsgrensa bør byggekostnadene vera under 4 000 kr. per m2 ferdig bygg.


Framtidsretta svineproduksjon

Det er i dag store skilnader på byggekostnader. På store prosjekt er stor eigeninnsats mindre aktuelt. På bygg tilnærma konsesjonsgrensa bør byggekostnadene vera under 4 000 kr. per m2 ferdig bygg.

 

I deler av landet er det stor byggeaktivitet i svinenæringa. Årsaken til dette er mange, men for dei som ønsker å forbli heiltidsbønder er svineproduksjon eit av dei få alternativa som til denne tid har gitt avkastning på både kapital og arbeid. Tre år med stabil markedsituasjon kombinert med auka konsesjonsgrenser har ført til at mange nå nytter muligheten til å skaffe seg ein bygningsmasse og produksjon som gjer dei betre rusta til å møta framtida enn om dei ikkje tek desse investeringane. Endringane som pågår er og vil bli store framover og strukturendringa i næringa tek ikkje lange pausar.

For dei som skal satse på ei framtid i denne produksjonen er det avgjerande å ha eit realistisk forhold til kva som vil krevast av kapital og produksjonsresultat for å oppnå ein god arbeidsplass som og gir god økonomi i forhold til innsatsen. Kunnskapen som skal til for å finne gode byggeløysingar finns, og det same gjeld kva som skal til for å oppnå gode produksjonsresultat. Utfordringen framover vil bli å planlegga og gjennomføra prosjekt som legg grunnlaget for gode produksjonsresultat og ikkje minst rasjonelle løysingar for dei som skal ha denne næringa som sin arbeidsplass.

 

RAMMEBETINGELSAR

Konsesjonsgrensene er ein av dei rammebetingelsane ein må forhalde seg til. Etter siste auken er dei grensene såpass høge at det for dei fleste vil vera mogeleg å laga rasjonelle og gode løysingar innan desse ramene. Om konsesesjonsgrensene utnyttes til smågris, kombinert eller slaktegrisproduksjon får stor betydning for arbeidsdagen, då det eigentleg er svært ulike produksjonar vi snakker om.

Dei fleste av dei som nå satser tilpasser seg dei nye grensene. Særleg ved nybygg vil det vera nødvendig for å få ned byggekostnadene.

I ein del områder av landet,og særleg der auken i produksjonen er størst, er tilgang til spreieareal ein begrensande faktor. Dette har ført til at mange har satsa på rein smågrisproduksjon då det utnytter spreiearealet svært godt.

Den viktigaste begrensningen finns oftast hos den enkelte. Skal ein ta steget for å satse store beløp på ei framtid der endringar i rammebetingelsar får stor betydning ? Alle kan skaffa seg den kunnskapen som trengs for å oppnå gode produksjonsresultat, men greier ein å laga deg rutinar i arbeidet som sikrer at rett tiltak blir gjort til rett tid, alltid ? Prosessen i forkant av bestemmelsen om ein skal etablera seg som svineprodusent er difor svært viktig.

 

BYGGEKOSTNADER

Ved utviding eller nybygg er det av stor betydning at byggekostnadene blir så låge som råd utan at det går ut over kvaliteten på bygg og innreiing. Det er i dag store skilnader i byggekostnader. Det er variasjonar frå landsdel til landsdel, og det er forskjell frå prosjekt til prosjekt. På store prosjekt er det mindre aktuelt Det er i dag store skilnader på byggekostnader. På store prosjekt er stor eigeninnsats mindre aktuelt.

På bygg tilnærma konsesjonsgrensa bør byggekostnadene vera under 4 000 kr. per m2 ferdig bygg. Framtidsretta svineproduksjon med stor eigeninnsats. Har ein først starta prosjektet må det ferdigstillast raskt slik at produksjonen kjem i gong. Derfor er det aktuelt å få inn prisar på bygg der alt er inkludert. På bygg tilnærma konsesjonsgrensa bør byggekostnadene vera under 4000 kr. pr. m2 ferdig bygg. Då skal alle omkostningar inkl. gjødsellager vera medrekna.. I smågrisproduksjon kan ein rekna ca. 9 m2 pr. årspurke. Slaktegris krev ca. 1,2 m2 pr. gris totalt, og i kombinert går det med ca. 16 m2 pr. årspurke Fokuser på byggekostnader, men løys ikkje det ved lang byggetid som følge av for høg eigeninnsats på store prosjekt.

 

FORSKRIFTER

Forskriftene for hald av produksjonsdyr har stort sett ikkje vore til hinder for å kunne laga gode og rasjonelle løysingar. Problemet i tida etter at desse først vart innført var at mange bygde med så lite areal som forskriftene gir rom for. Erfaringane har etter kvart vist at grisen treng meir plass enn forskriftene krev hvis produksjonen skal fungera optimalt. I det siste har det dukka opp diskusjonar om korleis detaljer i forskriftene skal tolkast. Ved seinare tilpassingar av forskrif- tene må næringa vera aktive slik at tilpassingane tek hensyn til både gris og røktar.

 

ARBEIDSFORBRUK

Kor mykje tid bruker du pr. årspurke eller pr. slaktegris? Dei færraste kan svare på dette, men når besetningane stadig blir større er det viktig å ha eit forhold til kva tidsforbruk du kan forvente ved ulike produksjonsformer. Det finns normtal for arbeidsforbruk, men dei er gått ut på dato forlengst.

I ein ny bygning med gode bingeløysingar bør det vere råd å kome ned under 15 timar pr. årspurke i smågrisproduskjonen. Det tilsvarer 1950 timar for ein produksjon med 130 årspurker. For slaktegris bør ein kome ned under 0,3 timar per slaktegris hvis ein har ein produksjon nær konsesjonsgrensa.

Det er altså svært stor samanheng mellom antal innsette timar per eining og besetningsstorleiken. Utnytt den gevinsten når du vurderer oppstart eller utviding.

 

KAPITALBEHOV

Svineproduksjon er kapitalkrevande og svært mange ser seg ikkje i stand til å investera fleire millionar kroner i nyanlegg til svineproduksjon. Tilgang til risikovillig kapital er og vil i endå større grad kunne bli ein minimunsfaktor framover. Usikre rammebetingelsar knytta til innanlands markedssituasjon og prisforhold samt internasjonale forhold, gjer sitt til at bankane kan koma til å skru meir igjen kranane enn dei har gjort hittil. Godt gjennomtenkte og planlagde prosjekt i regi av produsentar som bankane har tru på må til for å få tilgang til den kapitalen som trengs ved utbygging og nyetablering.

  OPPSUMMERING

Forbruket av svinekjøt har auka år for år og den norske produksjonen har aldri vore større. Potensialet for fortsatt salgsvekst er fortsatt til stades, og så sant vi får behalde vår beskyttelse mot import av større omfang bør mulighetene vera gode framover.

Skal du utvide eller starte med svineproduksjon bør du planlegga rasjonelle bygg og innreiingsløysingar slik at du kan håndtera ein relativt stor produksjon utan for stor arbeidsinnsats. Planlegg med tanke på å utnytta dei rammene du har best mulig og vurder kva som er det største begrensningen for deg. I dag er besetningsstorleiken i Norge under 30 årspurker. Sjølv om besetningane blir større vil svineproduksjon fortsatt vera ein viktig tilleggsproduksjon på mange bruk. Få derfor ikkje panikk om mange rundt deg utvider og bygger nytt. Dei fleste bygger tross alt ikkje.

 

Bygg til konsesjonsgrensa

Produksjonsform

Antall plasser

Bygningsareal

Pris/m2

Total pris

Slaktegris

600 slaktegris

720

3500

2,5 mill.

Smågris

130 årspurker

1170

3800

4,5 mill.

Kombinert

60 årspurker

960

3800

3,6 mill.

Byggekostnadene må altså vera langt under tidlegare normer for å gi tilfredsstillande økonomi.