Publisert: 11.02.2013 Oppdatert: 30.05.2018

Stikkord:

Fleire måter å rekne på


Fleire måter å rekne på

 

Vi viser til debattinnlegg i Svin nr 1-2007 om målpris på gris og føler det er viktig å få avklart nokre av påstandane i innlegget. I innlegget blir det stilt spørsmål om det er et gjennomtenkt og godt tiltak å sette ned målprisen med 2 kr/kg. Etter grundig diskusjon i organisasjonen har styret i Norges Bondelag vedtatt fleire moglege tiltak ein kan fremje ved årets jordbruksforhandlingar. Eit av dei tiltaka som er føreslege er å redusere målprisen. Men vi må presisere at i styrevedtaket har ein brukt formuleringa «Målprisen reduseres betydelig med basis i råd frå marknadsregulator» det er med andre ord ikkje avgjort kor mykje ein vil foreslå å redusere målprisen med, og at forslaget frå Norges Bondelag skal basere seg på råd frå marknadsregulator (Nortura).

I styrevedtaket har ein vidare brukt formuleringa «Bygd på dagens situasjon anslagsvis 2 kr per kg». Norges Bondelag har med andre ord heller ikkje bestemt at målprisen på gris i vårt krav skal settast ned med eksakt 2 kr/kg. I desember baserte styret seg på prognosen frå september 2006. I den prognosen låg det semintal fram til og med august 2006. Ein har derimot registrert at semintalet har vore noko lågare dei siste månadane og ny prognose frå januar 2007 viser eit overskott på 7500 tonn ved uttak av målpris. Når vi kjem til jordbruksforhandlingane vil vi ha endå betre informasjon om situasjonen både om produksjon og sal. Situasjonen i april 2007 vil ikkje vere den same som situasjonen var i desember 2006. Styret i Norges Bondelag ønska likevel å signalisere tydeleg allereie i desember at ein er villeg til å redusere prisen betydeleg om marknadssituasjonen tilseier det. Dette for å gi ein klar beskjed til dei produsentane som eventuelt har planar om å utvide eller nyetablere seg i svinenæringa om å tenkje seg om meir enn ein gong. Styrevedtaket må altså ikkje tolkast dit at det no er bestemt at målprisen skal reduserast med 2 kr/kg same kva medlemmane og andre måtte meine om dette.

Det er ein generell misoppfatning at ein ikkje kan heve ein målpris som blir satt ned. Målpris skal gjenspeile marknadssituasjonen og når produksjonen i svinenæringa er komen i betre balanse er det ingenting som tilseier at målprisen for kraftfôrkrevande produksjonar ikkje kan settast opp att. Egg vart til dømes heva med 23 øre/kg ved siste jordbruksoppgjer.

I regnestykket som blir presentert av Per Voll og Peder Skåre blir resultat ved uttak av målpris inkludert tilskot på 186.000 kr, og 0 kr ved redusert målpris på 2 kr/kg og minus 210.000 kr med prisen for januar 2007. Driftsomfanget er 60 årspurker og eit nybygg til 5 millionar kronar. Vi stussar på nokre av tala i reknestyk- ket. Det er gitt eit rentekrav på 6 % på heile det investert beløpet til nybygget, noko som tilsvarar 300.000 kr. Det normale vil vere å berekne rentekravet på halvt nedskriven kapital. Gjer ein det vil resultatet verte 150.000 kr betre.

De har også rekna eit rentekrav på ein dyrekapital på 1 million kr, noko som tilsvarar 60.000 kr. I Norsvins kalkylar legg dei eit rentekrav for dyrekapitalen inn i dei variable kostnadane. I siste kalkyle har ein rekna 401 kr/årspurke og med 60 årspurker gir det eit samla rentekrav på 24.000 kr. I forhold til dykkar oppsett vil det gi ei betring i resultatet i overkant av 35.000 kr.

Andre faste kostnadar er stipulert til 200.000 kr i dykkar kalkyle. I Norsvins kalkylar reknar ein vedlikehald (500 kr/årspurke), straum (950 kr/årspurke), forsikring (300 kr/årspurke) og anna (230 kr/årspurke). Til saman 2030 kr/årspurke. For 60 årspurker gir det totalt 121.800 kr i faste kostnadar. Legg ein Norsvins tal til grunn, får ein ei betring i resultatet på nesten 80.000 kroner.

I sum vil ein få eit resultat inkludert tilskot ved: Pris i januar 2007: 55.000 kr Dagens målpris: 450.000 kr 2 kr lågare pris: 265.000 kr

Tala ovanfor er eit vederlag til arbeid og gir ein forbetring av resultatet på kr 265.000 i forhold til kalkylen som vart presentert i Bondebladet. Tala frå januar gir ikkje noko tilfredsstillande resultat i så måte, men ved uttak av målpris eller 2 kroner under målpris vil vederlag til arbeid likevel gi eit betre resultat enn kva gjennomsnittet er elles i norsk landbruk.

Norges Bondelag følgjer situasjonen i svinemarknaden nøye fram mot jordbruksforhandlingane og vi vil fremje dei tiltak vi meiner er fornuftige på bakgrunn av dei innspel vi får.

 

Med hilsen Anders J. Huus og Renate Kvamme