Publisert: 18.03.2013 Oppdatert: 30.05.2018

Stikkord:

Færre husdyrbruk gjev færre arbeidstimar


Færre husdyrbruk gjev færre arbeidstimar

 

Det vart utført 120 millionar timars arbeid i jord- og hagebruket i jordbruksavtaleåret 2004/2005, og det er 11 millionar færre timar enn to år tidlegare. Det syner tal frå Statistisk Sentralbyrå si landbruksundersøking. Gjer ein desse tala om til årsverk, var reduksjonen frå 71 200 til 65 200.

I same periode har talet på driftseiningar i jord- og hagebruket vorte redusert med 5000. Dette forklarer ein del av reduksjonen i talet på arbeidstimar. Nedgangen i arbeidstid er særleg stor i bedrifter med husdyrproduksjon og hagebruk, produksjonar som begge krev mykje arbeid.