Publisert: 11.02.2013
Oppdatert: 30.05.2018
Stikkord:
EU vurderar å fase ut kastrering av gris
EU bør vurdere alternativ til kastering av grisar, og vurdere utfasing av kastrering på sikt.
Slik konkluderte ei arbeidsgruppe under den ståande komitéen for matvarekjeda og dyrehelse (SCoFCAH) i sitt møte i byrjinga av februar. Arbeidsgruppa konkluderer med at kastrering er smertefullt utan bedøvelse, og at sjølv med bedøvelse aukar faren for infeksjon. AgraFacts rapporterar at arbeidsgruppa innser at eit forbod vil ha store konsekvensar for svinemarknaden i EU, og vil difor gjennomføre ein studie av effektar av eit forbod. Dette kan vere fyrste steg i retning forbod mot kastering av gris i EU, i følgje enkelte ekspertar.