Publisert: 16.06.2020 Oppdatert: 11.06.2020

Stikkord:

Endringar i nydyrkingsreglane

Landbruks- og matdepartementet fastsette med virkning frå 2. juni 2020 endringar i nydyrkingsforskrifta. 


Bildet: Drenering med lukka grøfter med ca. 10 meter avstand var tidlegare den vanlegaste ­måten å dyrke myr på. Grøftane vart ført ut i åpne kanalar med ca. 100 meter avstand. Av di myra synk ujamt må grøftinga gjerast på nytt att etter 20 – 30 år.  [Foto Atle Hauge/Nibio]

 

Det blir innført eit forbod mot nydyrking av myr, men kommunen kan likevel tillate dyrking av myr når bestemte vilkår er oppfyllte.

– Eg er glad for at vi har fått på plass eit regelverk som gir bonden høve til å halde oppe jordbruksdrifta, samstundes som forbodet kan bidra til å redusere klimagassutslepp frå jordbruket, seier statsråd Bollestad.

Endringane er ei oppfølgjing av prop. 39 L (2018-2019) Endringer i jordlova mv. (klimahensyn ved nydyrking). Eit fleirtal i Stortinget la i april til grunn at det skal bli innført eit forbod mot nydyrking av myr i nydyrkingsforskrifta. Eit slikt forbod er derfor tatt inn i ein ny regel i forskrifta.

Det blir opna for at kommunen kan tillate dyrking av myr når grunneigar mister andre produksjonsareal på grunn av tap av leigejord eller ved utbygging i offentleg regi som samferdsletiltak eller liknande. Kommunen kan også tillate dyrking av myr der grunneigaren sin einaste dyrkingsressurs er myr, eller for å ivareta særskilte produksjonar i myr på fjellgrunn.

Endringane i nydyrkingsforskrifta tok til å gjelde 2. juni 2020.