Publisert: 01.01.2017 Oppdatert: 30.05.2018

Stikkord:

Eit begeistret og nyskapande lagsapparat

 


Eit begeistret og nyskapande lagsapparat

 

Ja, no er Norsvin sitt årsmøte vel over. Det var forøvrig to trivelige og begivenhetsrike dagar på Hamar, med mykje begeistring, humør og engasjemang. Påska er nesten unnagjort, skigåing har eg fått utført, og no er vi HEILT klare til å starte på våronna her i vest. Det er alltid godt å få lette på trykket i møkkakjellaren.

 

 Norsvins styre vedtok 11. mars ny strategiplan for perioden 2009 – 2014. Denne vart presentert på årsmøtet og gjennom debatt og gruppearbeid kom årsmøteutsendingane med signal til Norsvins styre om Norsvin si utvikling.

 

Den nye strategiplanen er svært offensiv i vidareutvikling av lagsapparatet. Og som følge av strategiplanen skal Norsvin styre auke fokuset på den forretningsmessige delen av organisasjonen, og ikkje lenger drive så mykje med næringspolitikk. Her er det tenkt at lagsapparatet og dei tilllitsvalde skal meir på bana. Og med så mange begeistra, kreative, engasjerte og kunnskapsrike tillitsvalde som det er i Norsvin har vi tru på at dette vil gje store mulighetar. Og vi ønskjer ei modernisering og revitalisering av måten vi er organisert på.

 

Det er derfor sett ned ein BEGEISTRINGSKOMITE (flott namn) som skal ha som mål og vidareutvikle ein BEGEISTRET og NYSKAPAND E medlemsorganisasjon. Begeistret og nyskapande er for øvrig eit av tre par i Norsvin sine verdiar i den nye styringspyramiden. Dei to andre para er ÆRLIG og PÅLITELIG, samt MODIG og AMBISIØS.

 

Begeistringskomiteen skal gå ut i frå at Norsvin er eit SA. Og det skal vurderast korleis vi kan opprettholde gode fagmiljø og engasjerte tilllitsvalde, struktur og finansiering av eit engasjert tillitsvalgtapparat. Dette vil verte ei sak i årets regionmøter, og skal leggast endeleg fram for neste årsmøte. Eg har tru på at dette vert ein spennande og interessant prosess å jobbe med.

 

Og er det nokon av våre medlemmar/eigarar/tillitsvalde som har tankar, idear og innspel til modernisering og revitalisering av lagsapparatet, må de for all del ikkje brenne inne med det. Komiteen tek imot alle innspel med begeistring !