Publisert: 01.01.2017 Oppdatert: 30.05.2018

Stikkord:

Éin av 400 har salmonella


Éin av 400 har salmonella

 

EFSA, det europeiske organ for næringsmiddeltryggleik, har publisert ein rapport om salmonella i slaktegris. I EU samla var ein av ti slaktegriser positiv for salmonella. I Noreg var ein av fire hundre slaktegriser positiv.

Rapporten byggjer på ei undersøking som EU gjennomførte mellom oktober 2006 og september 2007, og kor Noreg var med. Noreg medverka med godt og vel 400 prøvar i undersøkinga. Ein prøve var positiv. Noreg har eit nasjonalt kontrollprogram for salmonella for gris som omfattar avlsdyr, slaktedyr og slakteskrottar. I det programmet blei det i 2007 ikkje påvist salmonella i verken avlsgriser eller slaktegriser, men fem slakteskrottar var positive. Noreg sitt resultat i EU-undersøkinga er i tråd med det vi finn i vårt nasjonale kontrollprogram.

beregne så riktige produksjonsprognoser som mulig, og som grunnlag for forskning og utvikling på gris.