Publisert: 03.10.2010 Oppdatert: 30.05.2018

Stikkord:

Effektiv flytting er mest dyrevenleg

Effektiv flytting av gris er dyrevenleg flytting. Det er nemleg under utlevering at grisen opplever størst påkjenning. Tida på vegen i ein godt ventilert dyrebil køyrt av ein omtenksam sjåfør betyr mindre.  


Effektiv flytting er mest dyrevenleg

Effektiv flytting av gris er dyrevenleg flytting. Det er nemleg under utlevering at grisen opplever størst påkjenning. Tida på vegen i ein godt ventilert dyrebil køyrt av ein omtenksam sjåfør betyr mindre.  

Tiltak som sparer produsenten for tid bidreg også til betre velferd under transport. Det er to hovudutfordringar med å flytte gris til ei ny avdeling eller til eit utleveringsareal: Me skal få den til å gå frå noko kjent til noko ukjent, og me skal få dyr som ikkje har så lett for å røre seg, til å gå dit me vil.

 

Pålessingstid

 

Slaktegrisen er vanskelegast å flytte på fordi den er mindre atletisk enn smågris, og mindre vant til nye miljø enn purkene. Men målet er det same for alle typer gris, nemleg at dei så langt som råd skal gå frivillig eller med eit minimum av tvang. Dessutan skal det vera minimal skaderisiko som til dømes utgliding på glatte golv eller hol der bein kan bli skadde. Går grisane utan tvang går det også raskt. Pålessingstida ved utlevering av slaktegris kan vera eit mål på kor gode pålessingstilhøva er. Undersøkingar gjennomført av Animalia viser at pålessingstida for slaktegris varierer mykje frå produsent til produsent. Dei beste brukar ofte ikkje meir enn 20 sekund per gris. Tida måler ein frå den fyrste til den siste grisen er på dyrebilen. Dei dårlegaste kan bruke to minutt per slaktegris. Kva er skilnaden mellom dei beste og dei dårlegaste? Truleg både grisen og miljøet (drivgangen). For å bli betre har ein to alternativ; tilpasse grisen til drivgangane, eller drivgangane til grisen. Det fyrste alternativet inneber at ein let slaktegrisen få koma ut av bingen ei gong før utlevering. Den som ikkje har tid til dette, må tilpasse drivgangane til grisen for å koma nokon veg.

 

Identifiser hindringane

 

I dei fleste grisehus er det nokre faste plassar der grisen stoppar. Det kan vera ei rist over ein drivgang, ei dør det trekker gjennom, eller eit mørkt hjørne i ein gang. For å kunne identifisere desse hindringane må ein sjå ting frå grisens synsvinkel – altså krabbe på alle fire. Glatte golv er grisen redd for, og gjer derfor at den vegrar seg for å gå. Bruk av sklier påfører grisen uakseptabelt stress og er ikkje i tråd med forskrift om hald av svin. Enkle tiltak som rubbing av eit glatt betonggolv, eit par ekstra lysrøyr, eller justering av ventilasjonen kan løyse eller redusere problema. Mange bruker lyset for å lette flytting av grisen, slik at den går mot sterkare lys. Grisen er nysgjerrig og stoppar der den finn noko interessant. Derfor bør drivgangen vera så trist og kjedeleg som råd. I praksis betyr dette veggar som er tette ned til golvet og så høge at grisen ikkje kan sjå over. Det beste er rette drivgangar med eit minimum av vinklar.

 

Hjelpemiddel

 

Drivbrett er praktisk ved flytting av slaktegris og purker. Ved flytting av smågris kan ein ha god nytte av ein handlepose i plast som er festa til ein liten stav. Raslinga frå posen som er godt synleg gjer at smågrisen fort forstår kva veg den skal. Det er forbod mot bruk av elektrisk drivstav i samband med transport, dette inkluderer også det som skjer i fjøset.

 

Bruk av utleveringsareal

 

I tillegg til å hindre overføring av smitte, skal utleveringsareala bidra til god dyrevelferd i samband med utlevering. Slåssing i utleveringsarealet er ein dårleg start på transporten, og bidreg til at fleire gris daudar under transport og til redusert kjøttkvalitet. Ein bør derfor halde gris frå ulike bingar skilt så lenge som råd, helst heilt fram til dei skal gå på dyrebilen. Ventilasjonen i utleveringsarealet må vera tilstrekkeleg, og arealet per dyr må tilpassast kor lenge dyra skal stå der. Dersom desse krava ikkje let seg oppfylle, er det best at grisen blir tatt direkte frå bingen til dyrebilen.

 

Fem sjekkpunkt for god flytting eller utlevering

– Ingen dyr glir ut med bakbeina – Ein treng aldri dra eller løfte fleire dyr i halen- Pålessingstid under eitt minutt per slaktegris- Berre få gris med svorskader ved pålessing- Ingen tydeleg varme slaktegrisar ved pålessing