Publisert: 08.03.2013 Oppdatert: 30.05.2018

Stikkord:

Dårlegare kjøtkontroll ved dansk/tysk grense


Dårlegare kjøtkontroll ved dansk/tysk grense

 

Nye EU-reglar og ein ny EU-dom gjer det vanskeleg å kontrollere kjøt som kjem over grensa frå Tyskland til Danmark. Tonnevis av kjøt passerer grensa utan at dansk matvaretilsyn har moglegheit for å kontrollere kvar det kjem frå og om det er gammalt.

– Det er tankevekkande at omsynet til fri flyt av matvarer ser ut til å vere viktigare enn trygg mat, seier koordinator for grensekontrollen mellom Tyskland og Danmark, Eva Rosenørn til Landbrugsavisen.