Publisert: 01.11.2010 Oppdatert: 30.05.2018

Stikkord:

– Betre økonomi for fjellgrisen

Oppfordringa frå Aura gris i Skjåk, som statssekretær Ola T. Heggem nyleg besøkte, var å betre økonomien for gris i fjellområda. Ellers kan det bli ein svinesti utan gris i framtida.

 


- Betre økonomi for fjellgrisen

Oppfordringa frå Aura gris i Skjåk, som statssekretær Ola T. Heggem nyleg besøkte, var å betre økonomien for gris i fjellområda. Ellers kan det bli ein svinesti utan gris i framtida.

 

8. – 9. oktober var statssekretæren i landbruks og matdepartementet på besøk i Skjåk i samband med ”Hausttakk”. Han var mellom anna på besøk hjå purkeringen Aura gris, og fekk høyre om utfordringar griseproduksjon i fjellområda har.

 

Ringen er sentral

 

Skjåk har vore kalla ei grisebygd, og er godt kjend for den gode griseavlen sin. Svineprodusentane i Skjåk danna det fyrste svineavlslaget nokre år før Norsk Svinavlslag vart danna. Heile ein av tre avlsbesetningar låg i Skjåk den gongen. No er det att berre fire besetningar, og dei leverer purker til Aura gris. Aura gris vart starta opp i 2000 nettopp med sikte på å redde grisen i distriktet. I starten hadde dei satelittar i Skjåk og nokre i Lom, Vågå og Lesja. No har dei interessentar så langt frå som Brandbu. Det blir lang transport, men smågrisen tåler det.

 

Utfordringar som vestpå

 

Dei har kring 900 purker, og det blir produsert mellom 22000 og 23000 smågrisar i året. Fordelen med systemet med nav og satelittar, er at dei får konsentrert grising. Det gjer at dei kan jamne ut kulla. Dei beste av satelittane har eit snitt på mellom 12 og 13 smågrisar per kull. Det er eit veldig godt resultat.Likevel ser ein ei negativ utvikling. Der det er generasjonsskifte blir det slutt på gris. Ivar Kummen, som har drive med avlsarbeid og som er ein av ildsjelane bak Aura gris, seier at er ein interessert i å leggje ned arbeid under grisinga er det butikk. Men samanliknar ein seg med til dømes vestlandet, har grisproduksjon i fjellområda like store utfordringar.

 

Kapital trengst

 

-Dei unge treng kapital til å renovere eller byggje, seier Kummen. -Sjølv om det er bønder langt unna som er interesserte i å bli satelittar, vil vi gjerne behalde det gode grisemiljøet vi har her i nord-Gudbrandsdalen. Statssekretæren lytta interessert og informerte litt frå diskusjonar i departementet kring landbruket i Norge. Ein må stille seg spørsmålet om kva er eit landbruk i heile landet? Distriktsgrisen er med og held slakteria med jamn tilgang til slakt. Næringa er avhengig av fagmiljø og nettverk for å klare seg.

 

Klynger er viktige

 

Ståle Bøje, også ein primusmotor i Aura gris, fortalde at Harald Skjervold var med i 1953 da svinavlslaget vart danna. – Det arbeidet som vart lagt ned her, har hatt stor betydning for all smågrisproduksjon fram til no, slår Bøje fast. Alle griseprodusentar er vande med svingingar og konjunkturar, men det er ei smertegrense for kor langt ned det kan gå. Dei peika på utfordingar som telledato, kraftfôrprisar, tillegg, sonegrenser, smågrispris med meir. Men alt i alt ligg pengane i dei siste smågrisane i kullet. Kummen blir ivrig. – Har du eit snitt på 9,5 smågrisar per kull og ein noteringspris på kr 610,- får du ei arbeidsbetaling på kring kr 371.000,-. Men har du eit snitt på 11 smågrisar til same noteringspris, får du ei arbeidsbetaling på kring kr 637.000,-, seier han. Heggem rundar av med å peike på verdien av nettverk og klynger i grisproduksjonen. Raknar dette, raknar grisen. Da blir det ein svinesti frå Skjåk til sentrale strøk.