Publisert: 13.07.2010 Oppdatert: 30.05.2018

Stikkord:

«Bare tull – noe stort tull»

Ja slik stod det om det å fiksere purka rundt fødsel i intervju med yrkesbroder Bjørn Gevelt i forrige nummer av Svin.


«Bare tull – noe stort tull»

Ja slik stod det om det å fiksere purka rundt fødsel i intervju med yrkesbroder Bjørn Gevelt i forrige nummer av Svin.

Eg let meg nok provosera av at andre ser på dei fleste av oss som folk som driv med tull!

Likevel er det kjekt å sjå at det går an å få det til utan fiksering dersom ein har ressursar nok.

Eg er ikkje i tvil om at det går an å få dette til dersom det er kontinuerlig vakt under grisinga og to – tre dagar etter.

Skulle dette lata seg gjerda i mi drift som har 5,5 vekers opplegg med 24 grisingar kvar gong, må me i beste fall rekna med ei kontinuerlig vakt ei veke kvar gong ei pulje grisar (10 gonger årleg). Det er rett som det står i artikkelen at dette er jobben vår, men dermed er eit årsverk brukt berre på den delen, og for oss som driv gard åleine, med fleire produksjonar og vanleg avløysing er dette dessverre umuleg å praktisere.

Det hender og at det skal gjerast anna arbeid på garden, slik som våronn og innhausting og véret spør ikkje om det er grising eller ikkje. Dei aller fleste vil nok meine at det er større smågristap utan fiksering, ja det er vel ein kjensgjerning? I nemnde artikkel står det om, etter mitt syn ei veldig sløsing med sæd, kanskje må dette til for å ha eit godt nok utgangspunkt for å la dei gå laust heile tida. Sjøl brukar eg 1,2 dosar per purke som blir inseminert, har eit smågristap på ca. 1 per kull, og til nå dette året litt over 26 avvente. Min konklusjon på dette er at det aller viktigaste er å gjera dei rette tinga til rett tid, utan å gå der heile tida.

Ei anna side av saken er at det i alle pålegga me har fått dei siste 10 – 15 åra har purka blitt teke mest omsyn til, og bra er det, men har me gløymt både bonden og smågrisene i dette? Eg har eit klart svar sjøl, og det er JA. Nå er det på høg tid at Norsvin tek produsentane sitt parti og set produsenten i fokus. Me kan vera med på mykje berre me får betalt for det, dessverre har me gong etter gong sett at det ikkje let seg gjera å få kompensert meirkostnadane for det me har blitt pålagde. Det må Norsvins styre og ha med når dei gjer uttale. Det er faktisk slik at for produsentar som har purker i mindre målestokk enn den i nemnde artikkel, må det til ein del kompromiss, sjøl om me brukar langt meir tid enn det me har betalt for, og i tillegg gjer så godt me kan.

Det er nødvendig å setja grenser for kor nær naturen ein skal klare å driva eit produksjonsdyr, og for meg går grensa på den «fikserte» sida av purka. Skal me kunna venta at folk vil driva smågrisproduksjon i framtida, må dei sleppa eit nytt pålegg som kostar mykje pengar og tid.

Ein av dei største farane eg ser for framtida er at det på mange måtar blir for omfattande og innvikla å drive smågrisproduksjonen slik at produsenten går trøtt og sluttar.

Kjære lovgivarar! Lat oss få lov til fortsatt å fiksere slik me har lov til no, til beste for store og små griser pluss bonden sjøl.

Med helsing ein som gjev frå seg stafettpinnen til neste generasjon i desse dagar, etter 36 gode år som smågrisprodusent.