Stikkord:
Avventande stemning hos svineprodusentane
Lyset er skrudd heilt av når det gjeld nybygging for gris. Ny utbygging har stoppa heilt opp. Men stemninga ute hos svineprodusentane er ikkje bare negativ. Ho er samansett. Mange er spente og avventande.
– Ja, det er ikkje enkelt å skildre stemninga med få ord. Eg opplever inga stor undergangsstemning, men det er samstundes klart at dei som slit ikkje har det godt. Mange er spente og usikre på kor lenge dette vil vare. Eg opplever i grunnen ei avventande haldning, seier Peder Skåre i Gilde Vest. Han er svinerådgjevar med nært blikk på det som rører seg både i Agder, Rogaland, Hordaland og store delar av Sogn og Fjordane.
BANKANE BEKYMRA
Skåre har og fått telefonar fra bankfolk som tar til å verte urolege. Dei lurer på kor lenge dette kjem til å vare ved.
– Ingen kan svare presist på det. Men det er heilt klart at vi ikkje har nådd produksjonstoppen enno. Produksjonen stig fortsatt, og neste år vil bli vondt for nokså mange. Eg opplever det slik at mange som har vore med ei stund er ganske avslappa til det som skjer. Eg var nyleg på eit produsentmøte der markedstilhøva ikkje vart diskutert i det heile tatt.
Produsentane var opptekne av faglege problem, og måtar å forbetre eigen produksjon på. Nokre tek ei slik haldning, men det er ofte større, etablerte produsentar. Eg møter også mange produsentar som har drive lenge, men som kanskje ikkje har satsa så tungt økonomisk, som er meir bekymra. Some ber om kraftigare reguleringstiltak. Vi har og ei gruppe nye produsentar som i nokre tilfeller slit tungt med likviditeten. Dei har som regel fullført ei større utbygging. Ofte har dei lånt litt i minste laget, bygget vart kanskje litt dyrare enn planlagt, og dei vert trøtte og slitne etter ein tøff bygge- og oppstartperiode. Då kan kvardagen verte ganske tøff. Biletet er med andre ord samansett. Stemninga kan ikkje beskrivast på ein enkel og eintydig måte, seier Peder Skåre.
FÆRRE VIL GJE SEG
– Møter du mange som vurderar å gje seg heilt?
– Nei, det er veldig få. I ‘99 og ‘00 fekk ein del hjelp av purkeslakteordningen til å bestemme seg for å gå ned fra gjerdet. Men den gongen hadde vi og kravet om lausdrift, så situasjonen var annleis. Det er truleg færre som er i posisjon til å gje seg no. Noen går kanskje litt ned på purketalet, og legg om til meir kombinert produksjon.
– Er det stor skilnad på store og små produsentar?
– Ja, det kan det nok være. Men det er ikkje så mange store produsentar i Rogaland som mange trur. Gjennomsnittet er kanskje litt meir enn 30 purkar. Det tyder at det også er ein del som har færre purkar enn dette. Dei store besetningane finn ein truleg flest av på Austlandet, seier Peder Skåre.