Publisert: 01.01.2017 Oppdatert: 30.05.2018

Stikkord:

Auke i talet på svin

Frå 2009 til 2010 auka talet på alssvin med 2 prosent til drygt 102 000, medan talet på slaktesvin auka med knapt 1 prosent til 1,49 millionar. For første gong på mange år vart det færre kyllingar.

 


Auke i talet på svin

Frå 2009 til 2010 auka talet på alssvin med 2 prosent til drygt 102 000, medan talet på slaktesvin auka med knapt 1 prosent til 1,49 millionar. For første gong på mange år vart det færre kyllingar.

 

Førebels tal frå Statistisk Sentralbyrå viser også ein auke i talet på sauer, ammekyr og verpehøner. Samstundes vert jordbruksbedriftene med husdyr færre. Talet på sauer auka med vel 2 prosent til 1,05 millionar, og talet på ammekyr med drygt 6 prosent til vel 61 000. Det var knapt 169 000 fleire verpehøner i 2010 enn året før, tilsvarande ein auke på 4 prosent.

Færre slaktekyllingar

For første gong sidan 2002 er det registrert ein nedgang i talet på slaktekyllingar. Det blei slakta 56 millionar kyllingar i 2009, ein nedgang på 5,5 prosent, eller 3,3 millionar, frå året før.Talet på mjølkekyr går stadig nedover, og ved årsskiftet blei det registrert snaut 245 000 mjølkekyr, om lag 5 000 færre enn året før. Talet på andre storfe blei redusert med over 9 000 til knapt 560 000. Talet på mjølkegeiter gjekk noko ned i fjor, og 1. januar 2010 blei det registrert 37 100 mjølkegeiter.

Færre driv med husdyr

Talet på jordbruksbedrifter med husdyr gjekk ned med to prosent i fjoråret, og ved årsskiftet var det 31 900 jordbruksbedrifter med husdyr. Størst prosentvis nedgang var det i talet på bruk med mjølkekyr, seks prosent, medan talet på bruk med svin og mjølkegeiter gjekk ned med fire prosent. Det var også ein svak nedgang i talet på bruk med sauer og bruk med slaktekyllingar.

Større besetningar

Den gjennomsnittlege buskapsstorleiken aukar for alle dyreslaga. I 1999 hadde eit gjennomsnittleg mjølkebruk 14 dyr, mot 21 i 2010. Dei som dreiv med sau, hadde 51 sauer på båsen i 1999, mot 72 i 2010. I 1999 hadde eit gjennomsnittleg bruk med alspurker 26 purker, medan tilsvarande tal for 2010 er 65. I 2010 har eit gjennomsnittleg bruk med verpehøner 2000 høner, mot 900 i 1999.