Publisert: 01.01.2017 Oppdatert: 30.05.2018

Stikkord:

Årdalsgard styrkar seg på gris

Rita Austrheim Våge og Lars Våge valde grisen til å styrke fundamentet på garden. Dei utvida den reine smågrisproduksjonen med å fôre fram omlag tusen slaktegrisar attåt.


Årdalsgard styrkar seg på gris

Rita Austrheim Våge og Lars Våge valde grisen til å styrke fundamentet på garden. Dei utvida den reine smågrisproduksjonen med å fôre fram omlag tusen slaktegrisar attåt.

 

Årdal er ei rik og frodig jordbruksbygd i Ryfylke. Jorda ligg ikkje høgt over fjorden, men det stig ganske bratt rundt og bak gardane i Årdalsbygda. Slik er det også hos Rita og Lars Våge.

Garden deira ligg fint oppunder skogen og stigninga opp mot fjellet. Rundt husa er det 90 dekar dyrka jord. Men oppover i skogen og opp mot fjellet har dei en privat veg på fem kilometer. Det er beiter på begge sider av vegen som er godkjent som spreieareal, og inne på fjellet, omlag 500 meter over havet, ligg Måmyra på 150 dekar. Med dette er det nok spreieareal på eigen grunn. Heile eigedomen er på omlag 1800 dekar. Det er omlag 20 ammekyr av rasen Aberdeen Angus på garden, og 90 vinterfôra sauer. Desse dyra nyttar seg av frodige og fine beiter i skog og utmark.

 

Langt av lei

Ein del av jorda og spreiearealet ligg altså fem kilometer unna garden, og 450 meter høgare enn garden. Derfor er det ein skikkeleg jobb å køyre gjødsla innover. Ikkje rart at Våge har lagt både pengar og arbeid i å lage ein overdekning på den utvendige gjødselkummen. Med ein årsnedbør på omlag 1500 millimeter er det ikkje mykje freistande å køyre altfor mye vatn oppetter lange og tunge vegar.

 

Grisen viktigast

Men det er grisen som har vunne kampen om ekteparets merksemd. Han betyr mest på garden. Tidlegare drev dei produksjon av smågrisar for sal i det gamle fjøset. I 2004 vart det bygd ny bedekningsavdeling innåt den gamle fødeavdelingen. Men etter kvart voks draumen om å fôre fram meir av slaktegrisen sjøl. Draumen vart realisert i eit nytt slaktegrishus med to slaktegrisavdelingar og ny smågrisavdeling. I mars i år kunne dei første smågrisane flyttast over hit. Det nye huset ligg parallelt med det gamle med 10 meters mellomrom. Det blei ikkje lenger enn at røyret fra det gamle våtfôringsanlegget i fødeavdelinga og gjeldpurkeavdelinga vart gravd i bakken lagt inn i dei to nye slaktegrisavdelingane. Anlegget betjener derfor begge husa.

Men i smågrisavdelinga er det framleis tørrfôr fra automatar som dekker to og to bingar. Dei med gult lokk er fra AK Maskiner, dei andre er fra den gamle smågrisavdelinga. Slik ville dei ha det. Driftsopplegget er sju ukers puljedrift med 30 purker i pulja.

 

To like avdelingar

Det nye slaktegrishuset har altså eiga smågrisavdeling i den eine enden, og i gangen mellom smågrisavdelinga og slaktegrisavdelingane er det inn- og utlastingsrom med vekt i golvet.

Dei to slaktegrisavdelingane er heilt like. Det er 12 binger med plass til inntil 14 slaktegrisar i kvar, til saman 170 slaktegrisar i kvar pulje vert fôra fram. Bingane er 2,5 x 5,5 meter store, og det er Tribar rister på 1,5 meters bredde. Dei ligg inn mot midtgangen. Liggeplassen er ytterst mot veggane, og her er det også takoverdekking som vert brukt den første tida etter innflytting. Fôrnedslepprøyret ligg inne i innredningen, noko som hindrar slitasje på røyret. Det brukast dobbelttro i fôringa. AK Maskiner har levert innredning og ventilasjon til huset. Innkjøringa har stort sett gått greit, men det var litt problemer med ventilasjonen i starten. Vifta gjekk tungt i varme periodar, og det vart ettermontert fleire veggventiler.

Omlag 50 prosent av smågrisproduksjonen vert seld, og resten, om lag 1000 smågrisar, fôrast fram for salg.

Det er mange produsenter som har investert i nye bygg her dei siste åra, og det skaper eit aktivt grisemiljø i området.

 

Sjølgjort overdekning til kummen

 

Nokre har ein lang og tung veg å køyre når gjødsla skal ut. Da kan det være lurt å køyre minst mogleg vatn.

Denne løysinga fann vi hos Rita og Lars Våge i Årdal i Ryfylke. Årsnedbøren i denne bygda ligg på om lag 1500 millimeter. Men viktigare i dette høvet er at 150 dekar av spreiearealet ligg fem kilometer unna garden, og 450 meter høgare enn garden. Da er det ikkje spesielt freistande å trekkje med seg ekstra vatn opp i høgda.

Våge kom på denne idéen etter å ha sett ei liknande løysing i nabolaget. I gjødselkummen er det støpt 6 PVC-søylar på 25 centimeter i diameter. Limtredragarane over kummen kviler på dei. Elementane er fire meter høge, og kummen til Våge tek 1250 kubikkmeter gjødsel.