Stikkord:
- Avlyser krisa i svinenæringa
– Det bekymrar meg hvis svinenæringa opplever ei krise nå. Om ein ser bort fra dei som nyleg har bygd nytt, er det framleis slik at gris er noko av det beste du kan drive med i landbruket.
Det meinte Sparebank 1 SR-Banks mann på Gris i ’10, Peder Skåre. Han tok utgangspunkt i at nesten fem prosent av smågrisprodusentane har slutta berre i første halvår av 2010. Og det skjer i ei tid med balanse i marknaden, mest målpris og låg rente.
Dystert slør
Men prisane på kraftfôr har auka, og det har senka seg eit dystert slør over næringa. Auka kraftfôrprisar på cirka 60 øre per kilo svarar til om lag kr 2,50 per kilo svinekjøt. Dette er ei viktig grunn til at økonomien er hardt pressa. Men 50 årspurkar i kombinert produksjon (1100 slaktegrisar) vil auka kraftfôrpris på 60 øre redusere lønsemnda med 228 000 kroner, mest hos slaktegrisen. Denne betydelege kostnadsauken utgjer mye om ein ser på Norsvins dekningsbidragskalkyle for denne produksjonen på om lag 750 000 kroner i snitt for 2010-2011. Trass i dette meinte Skåre at det var på tide å avlyse krisa.
Oversikt heile tida
– Men vi ser symptom på økonomiske problem hos ein del kundar. Klassiske symptom på dette er auka kraftfôr- og livdyrgjeld. For mange er dette ein tung ryggsekk å bere. Det er vanskeleg å gå til banken når ein har kjørt seg heil opp i hjørnet. Skaff deg oversikt over utviklinga heile tida, og bruk rekneskapen aktivt. Kor kan det hentast inn noe? Har eg gode nok produksjonsresultat? Er eg eigentleg motivert nok til å halde fram med produksjonen? For mange kan avvikling vere ei god løysing. Slike spørsmål er viktige å stille, sa Skåre. Han kommenterte også bygningskostnadane som har auka kraftig dei siste åra. Ofte vert dei betydeleg større enn planlagt. Oppstartkostnadane til innkjøp av dyr, fôrkostnadar i oppstartperioden samt lågare produksjonsresultat enn i ei etablert drift, er ofte faktorar som vert undervurderte.